Om individualiteten som eitt av elementa i velværet
Eit menneske som lèt verda velje livsplanen for seg, treng inga anna evne enn evna til apa til å etterlikne. Mill forsvarer eksentrisiteten, geniet og retten til eigne forsøk i livet mot despotiet til sedvanen, og åtvarar mot eit Europa som er i ferd med å bli like einsarta som Kina.
Slik er altså grunnane som gjer det tvingande nødvendig at menneska skal vere frie til å danne seg meiningar og til å uttrykkje meiningane sine utan atterhald; og slik er dei skadelege følgjene for den intellektuelle, og gjennom den den moralske naturen til mennesket, dersom denne fridomen ikkje anten blir innrømd eller hevda på tross av forbod. Lat oss dinest undersøkje om ikkje dei same grunnane krev at menneska skal vere frie til å handle etter meiningane sine – til å setje dei ut i livet, utan hindring, verken fysisk eller moralsk, frå medmenneska sine, så lenge det skjer på deira eigen risiko og fare. Dette siste atterhaldet er sjølvsagt uunnverleg. Ingen påstår at handlingar bør vere like frie som meiningar. Tvert imot mistar sjølv meiningar immuniteten sin når omstenda dei blir uttrykte under, er slik at uttrykket blir ei direkte tilskunding til ei skadeleg handling. Den meininga at kornhandlarar svelter ut dei fattige, eller at privat eigedom er tjuveri, bør få stå uantasta når ho berre blir spreidd gjennom pressa, men kan med rette dra på seg straff når ho blir framførd munnleg for ein opphissa folkemengd samla framfor huset til ein kornhandlar, eller når ho blir delt ut blant den same folkemengda i form av eit plakatoppslag. Handlingar, av kva slag dei enn måtte vere, som utan rettmessig grunn gjer skade på andre, kan – og i dei viktigare tilfella må absolutt – kontrollerast ved dei ugunstige kjenslene til menneskeslekta, og, når det trengst, ved den aktive inngripinga hennar. Fridomen til individet må avgrensast så langt; han må ikkje gjere seg til ei plage for andre menneske. Men dersom han held seg frå å antaste andre i det som gjeld dei, og berre handlar etter si eiga tilbøying og dømmekraft i ting som gjeld han sjølv, prover dei same grunnane som viser at meininga bør vere fri, òg at han bør få lov til, utan å bli antasta, å setje meiningane sine ut i praksis på eigen kostnad. At menneskeslekta ikkje er ufeilbarleg; at sanningane hennar for det meste berre er halvsanningar; at einskap i meiningar ikkje er ønskjeleg, med mindre han er resultatet av den fullaste og friaste samanlikning av motsette meiningar, og at mangfald ikkje er eit vonde, men eit gode, inntil menneskeslekta er langt meir i stand enn no til å erkjenne alle sider av sanninga – dette er prinsipp som gjeld for handlemåtane til menneska ikkje mindre enn for meiningane deira. Liksom det er nyttig at det finst ulike meiningar så lenge menneskeslekta er ufullkomen, er det nyttig at det finst ulike eksperiment i livsførsel; at det blir gjeve fritt spelerom for ulike karaktertypar, så lenge det ikkje skader andre; og at verdien av ulike levemåtar blir prøvd i praksis når nokon finn det for godt å freiste dei. Kort sagt er det ønskjeleg at individualiteten hevdar seg i ting som ikkje først og fremst gjeld andre. Der det ikkje er personens eigen karakter, men tradisjonane eller skikkane til andre menneske som er regelen for åtferd, manglar ein av hovudingrediensane i menneskeleg lykke, og den aller viktigaste ingrediensen i individuell og samfunnsmessig framgang.
Når ein hevdar dette prinsippet, ligg den største vansken ein møter, ikkje i vurderinga av middel til eit anerkjent mål, men i den allmenne likesæla hos folk overfor sjølve målet. Dersom ein kjende at den frie utviklinga av individualiteten er ein av dei fremste føresetnadene for velvære; at han ikkje berre er eit sideordna element attmed alt det som blir nemnt med orda sivilisasjon, undervisning, oppseding, kultur, men sjølv er ein nødvendig del av og vilkår for alle desse tinga; då ville det ikkje vere nokon fare for at fridomen vart undervurdert, og fastsetjinga av grensene mellom han og kontrollen til samfunnet ville ikkje by på nokon uvanleg vanske. Men det vonde er at individuell spontanitet knapt blir anerkjend av dei vanlege tenkjemåtane som noko med eigenverdi, eller som noko som fortener omsyn for si eiga skuld. Fleirtalet, som er tilfreds med levesettet til menneska slik det no er (for det er dei som gjer det til kva det er), kan ikkje skjøne kvifor dette levesettet ikkje skulle vere godt nok for alle; og kva meir er, spontanitet utgjer ingen del av idealet hos fleirtalet av moralske og sosiale reformatorar, men blir snarare sedd på med mistenksemd, som ei brysam og kanskje opprørsk hindring for den allmenne godtakinga av det desse reformatorane, etter sin eigen dom, meiner ville vere best for menneskeslekta. Få menneske utanfor Tyskland fattar eingong meininga med den læra som Wilhelm von Humboldt, så framifrå både som savant og som politikar, gjorde til tekst for ei avhandling – at «målet for mennesket, eller det som blir føreskrive av dei evige eller uforanderlege boda til fornufta, og ikkje inngjeve av vage og flyktige begjær, er den høgste og mest harmoniske utviklinga av kreftene dets til eit fullstendig og samanhengande heile»; at difor det målet «som kvart menneske uopphøyrleg må rette strevet sitt mot, og som særleg dei som aktar å påverke medmenneska sine, alltid må halde auga på, er individualiteten i kraft og utvikling»; at det for dette trengst to ting, «fridom og eit mangfald av situasjonar»; og at det av foreininga av desse oppstår «individuell kraft og mangfaldig ulikskap», som sameinar seg i «originalitet».1
Kor lite folk enn er vane med ei lære som von Humboldts, og kor overraskande det enn kan vere for dei å finne så høg verdi tillagd individualiteten, må ein likevel meine at spørsmålet berre kan vere eit spørsmål om grad. Ingen har den førestillinga om framifrå åtferd at folk skal gjere absolutt ingenting anna enn å kopiere kvarandre. Ingen ville hevde at folk ikkje bør setje noko som helst preg av si eiga dømmekraft, eller sin eigen individuelle karakter, på levemåten sin og på måten dei steller sakene sine på. På den andre sida ville det vere absurd å påstå at folk bør leve som om ingenting som helst hadde vore kjent i verda før dei kom inn i henne; som om røynsla enno ikkje hadde gjort noko for å vise at éi tilværeform, eller éi åtferd, er å føretrekkje framfor ei anna. Ingen nektar for at folk i ungdomen bør undervisast og oppsedast slik at dei kjenner og dreg nytte av dei sikre resultata av menneskeleg røynsle. Men det er privilegiet og den rette tilstanden til eit menneske, når det har nådd mogning i evnene sine, å bruke og tolke røynsla på sin eigen måte. Det er opp til han å finne ut kva del av den nedteikna røynsla som eigentleg lèt seg bruke på hans eigne omstende og hans eigen karakter. Tradisjonane og skikkane til andre menneske er til ei viss grad vitnemål om kva røynsla deira har lært dei; eit vitnemål med formoding for seg, og som slikt har dei krav på vørdnaden hans. Men for det første kan røynsla deira vere for snever, eller dei kan ha tolka henne feil. For det andre kan tolkinga deira av røynsla vere rett, men ikkje passe for han. Skikkar er laga for vanlege omstende og vanlege karakterar, og hans omstende eller hans karakter kan vere uvanlege. For det tredje: Sjølv om skikkane både er gode som skikkar og passar for han, så vil det å rette seg etter skikken, berre som skikk, ikkje oppsede eller utvikle hos han nokon av dei eigenskapane som er den særeigne utrustinga til mennesket. Dei menneskelege evnene til oppfatning, dømmekraft, skilnande kjensle, åndeleg verksemd og jamvel moralsk preferanse blir øvde berre ved at ein gjer eit val. Den som gjer noko fordi det er skikken, gjer ikkje noko val. Han får inga øving verken i å skilje eller i å ønskje det som er best. Dei åndelege og moralske kreftene blir betra, i likskap med muskelkreftene, berre ved å bli brukte. Evnene blir ikkje sette i verksemd ved at ein gjer noko berre fordi andre gjer det, like lite som ved at ein trur noko berre fordi andre trur det. Dersom grunnane for ei meining ikkje er avgjerande for personens eiga fornuft, kan fornufta hans ikkje styrkjast, men vil truleg veikjast, ved at han gjer henne til si; og dersom beveggrunnane for ei handling ikkje er slike som stemmer overeins med hans eigne kjensler og hans eigen karakter (der kor hengjevnad eller andres rettar ikkje er råka), er det eit steg i retning av å gjere kjenslene og karakteren hans sløve og dvaske, i staden for aktive og energiske.
Den som lèt verda, eller sin eigen del av henne, velje livsplan for seg, har ikkje bruk for noka anna evne enn den apeaktige evna til etterlikning. Den som vel planen sin sjølv, bruker alle evnene sine. Han må bruke iakttaking for å sjå, resonnement og dømmekraft for å føresjå, verksemd for å samle materiale til avgjerda, skilneevne for å avgjere, og når han har avgjort, fastleik og sjølvkontroll for å halde fast ved den velovervegde avgjerda si. Og desse eigenskapane treng og øver han nøyaktig i høve til kor stor den delen av åtferda hans er som han fastset etter si eiga dømmekraft og sine eigne kjensler. Det er mogleg at han kunne leiast inn på ein god veg, og haldast unna farar, utan nokon av desse tinga. Men kva blir då verdien hans som menneske, samanlikna med andre? Det er verkeleg av verdi, ikkje berre kva menneska gjer, men òg kva slags menneske dei er som gjer det. Blant verka til mennesket, som menneskelivet med rette blir brukt til å fullkomengjere og forskjønne, er det viktigaste sikkert mennesket sjølv. Set at det var mogleg å få hus bygde, korn dyrka, slag utkjempa, rettssaker førte, og jamvel kyrkjer reiste og bøner bedne, ved hjelp av maskineri – av automatar i menneskeskapnad – så ville det vere eit stort tap å byte bort for desse automatane sjølv dei menn og kvinner som no bur i dei meir siviliserte delane av verda, og som visseleg berre er forkrøpla eksemplar av kva naturen kan og vil frambringe. Menneskenaturen er ikkje ei maskin som skal byggjast etter ein modell og setjast til å gjere nøyaktig det arbeidet som er føreskrive for henne, men eit tre, som må vekse og utvikle seg til alle sider, etter tendensen i dei indre kreftene som gjer det til noko levande.
Det vil truleg bli innrømt at det er ønskjeleg at folk bruker forstanden sin, og at det å følgje skikken med innsikt, eller jamvel no og då å vike frå skikken med innsikt, er betre enn ei blind og reint mekanisk tilslutning til han. Til ei viss grad blir det innrømt at forstanden vår bør vere vår eigen; men det er ikkje den same viljen til å innrømme at begjæra og impulsane våre like eins bør vere våre eigne, eller at det å ha eigne impulsar, av nokon styrke, er noko anna enn ein fare og ei snare. Likevel er begjær og impulsar like mykje ein del av eit fullkome menneske som overtydingar og hemningar; og sterke impulsar er berre farlege når dei ikkje er rett balanserte; når eitt sett av mål og tilbøyingar blir utvikla til styrke, medan andre, som burde eksistere side om side med dei, blir verande veike og uverksame. Det er ikkje fordi begjæra til menneska er sterke at dei handlar ille; det er fordi samvitet deira er veikt. Det er inga naturleg binding mellom sterke impulsar og eit veikt samvit. Den naturlege bindinga går den andre vegen. Å seie at begjæra og kjenslene til eitt menneske er sterkare og meir mangfaldige enn eit anna sine, er berre å seie at han har meir av råstoffet til menneskenaturen, og difor er i stand til kanskje meir vondt, men sikkert meir godt. Sterke impulsar er berre eit anna namn på energi. Energi kan vendast til dårleg bruk; men ein kan alltid få meir godt ut av ein energisk natur enn av ein treg og urørd. Dei som har mest naturleg kjensle, er alltid dei som dei dyrka kjenslene kan gjerast sterkast hos. Den same sterke mottakelegheita som gjer dei personlege impulsane levande og kraftige, er òg kjelda som den mest lidenskapelege kjærleiken til dygda og den strengaste sjølvkontrollen spring ut av. Det er gjennom å dyrke desse at samfunnet både gjer plikta si og vernar interessene sine – ikkje ved å forkaste det stoffet heltar er laga av, fordi det ikkje veit korleis det skal lage dei. Eit menneske som har begjær og impulsar som er dets eigne – som er uttrykk for dets eigen natur, slik han er utvikla og omforma ved dets eiga danning – blir sagt å ha karakter. Den som har begjær og impulsar som ikkje er hans eigne, har ingen karakter, like lite som ei dampmaskin har karakter. Dersom impulsane hans, forutan å vere hans eigne, er sterke og står under styret til ein sterk vilje, har han ein energisk karakter. Den som meiner at individualitet i begjær og impulsar ikkje bør oppmuntrast til å folde seg ut, må hevde at samfunnet ikkje har bruk for sterke naturar – at det ikkje blir betre av å romme mange menneske som har mykje karakter – og at eit høgt allment gjennomsnitt av energi ikkje er ønskjeleg.
I visse tidlege samfunnstilstandar kunne desse kreftene vere, og var, altfor langt framfor den makta samfunnet den gongen hadde til å disiplinere og kontrollere dei. Det har vore ei tid då elementet av spontanitet og individualitet fanst i overmål, og det sosiale prinsippet hadde ein hard kamp med det. Vansken var den gongen å få menn med sterke kroppar eller sinn til å vise lydnad mot nokon som helst reglar som kravde at dei skulle styre impulsane sine. For å overvinne denne vansken hevda lov og disiplin, lik pavane i kampen deira mot keisarane, ei makt over heile mennesket, og gjorde krav på å kontrollere heile livet hans for å kontrollere karakteren hans – som samfunnet ikkje hadde funne noko anna tilstrekkeleg middel til å binde. Men samfunnet har no fått fullstendig overtaket på individualiteten; og den faren som trugar menneskenaturen, er ikkje overmålet, men mangelen, på personlege impulsar og preferansar. Tinga er veldig forandra sidan den tida då lidenskapane hos dei som var sterke ved stand eller ved personlege gåver, var i ein tilstand av vanemessig opprør mot lover og forordningar, og måtte lenkjast strengt for at dei menneska som var innanfor rekkjevidda deira, skulle kunne nyte eit fnugg av tryggleik. I vår tid lever kvar og ein, frå den høgste samfunnsklassen ned til den lågaste, som under auga på ein fiendtleg og frykta sensur. Ikkje berre i det som gjeld andre, men i det som berre gjeld dei sjølve, spør individet eller familien seg ikkje: Kva føretrekkjer eg? Eller: Kva ville passe karakteren min og gemyttet mitt? Eller: Kva ville la det beste og høgste i meg kome til sin rett, og setje det i stand til å vekse og trivast? Dei spør seg: Kva passar til stillinga mi? Kva pleier folk av min stand og mine økonomiske kår å gjere? Eller (endå verre): Kva pleier folk av ein stand og kår som er høgare enn mine, å gjere? Eg meiner ikkje at dei vel det som er skikk, framfor det som passar deira eiga tilbøying. Det fell dei ikkje inn å ha noka tilbøying, unnateke til det som er skikk. Slik blir sjølve sinnet bøygd under åket: Sjølv i det folk gjer for fornøyinga si skuld, er tilpassing det første dei tenkjer på; dei lever i flokk; dei vel berre blant ting som er allment gjorde; særmerke i smak, eksentrisitet i åtferd, blir skydde like mykje som brotsverk – inntil dei, ved stadig ikkje å følgje sin eigen natur, ikkje har nokon natur å følgje; dei menneskelege evnene deira er visna og utsvelte; dei blir ute av stand til nokon sterke ønske eller medfødde gleder, og er i allmenta utan både meiningar og kjensler av heimleg vekst, eller som eigentleg er deira eigne. Er no dette, eller er det ikkje, den ønskjelege tilstanden til menneskenaturen?
Det er det, etter den kalvinistiske teorien. Ifølgje han er det eine store brotsverket til mennesket eigenviljen. Alt det gode menneskeslekta er i stand til, blir romma i lydnaden. Du har ikkje noko val; slik skal du gjere, og ikkje annleis: «Alt som ikkje er ei plikt, er ei synd.» Sidan menneskenaturen er forderva i rota, finst det inga forløysing for nokon før menneskenaturen er drepen i han. For den som held seg til denne livsteorien, er det ikkje noko vonde å knuse nokon av dei menneskelege evnene, anlegga og mottakelegheitene: Mennesket treng inga anna evne enn evna til å gje seg over til Guds vilje; og dersom det bruker nokon av evnene sine til noko anna føremål enn å gjere denne formoda viljen meir verknadsfullt, er det betre tent utan dei. Det er teorien til kalvinismen; og han blir halden, i ei mildna form, av mange som ikkje reknar seg som kalvinistar; mildninga består i at ein gjev den påståtte Guds vilje ei mindre asketisk tolking, og hevdar at det er hans vilje at menneska skal tilfredsstille nokre av tilbøyingane sine – sjølvsagt ikkje på den måten dei sjølve føretrekkjer, men på lydnadens veg, det vil seie på ein måte som er føreskriven dei av ein autoritet, og som difor, etter dei nødvendige vilkåra i saka, er den same for alle.
I ei slik lumsk form er det for tida ein sterk tendens til denne snevre livsteorien, og til den innsnevra og stivna typen menneskeleg karakter som han gjev føremoner. Mange menneske meiner utan tvil oppriktig at menneske som er slik innestengde og forkrøpla, er slik skaparen deira har meint at dei skal vere; liksom mange har meint at tre er noko langt finare når dei er klipte til styvingstre, eller skorne til dyrefigurar, enn slik naturen skapte dei. Men dersom det høyrer til religionen å tru at mennesket vart skapt av eit godt vesen, er det meir i samsvar med den trua å tru at dette vesenet gav alle menneskelege evner for at dei skulle dyrkast og faldast ut, ikkje rykkjast opp med rota og fortærast, og at han gleder seg over kvart steg skapningane hans tek nærmare den idealførestillinga som er nedlagd i dei, kvar auke i nokon av evnene deira til å forstå, handle eller nyte. Det finst ein annan type menneskeleg framifråskap enn den kalvinistiske; ei oppfatning av menneskeslekta som har fått naturen sin tildelt for andre føremål enn berre å fornekte han. «Heidensk sjølvhevding» er eitt av elementa i menneskeleg verd, så vel som «kristen sjølvfornekting».2 Det finst eit gresk ideal om sjølvutvikling, som det platonske og kristne idealet om sjølvkontroll smeltar saman med, men ikkje fortrengjer. Det kan vere betre å vere ein John Knox enn ein Alkibiades, men det er betre å vere ein Perikles enn nokon av dei; og ein Perikles, om vi hadde ein i våre dagar, ville heller ikkje mangle noko av det gode som høyrde John Knox til.
Det er ikkje ved å slipe ned til einsarta alt som er individuelt i dei sjølve, men ved å dyrke det og kalle det fram, innanfor dei grensene som rettane og interessene til andre set, at menneska blir ein edel og vakker gjenstand for betraktning; og sidan verka tek farge av karakteren til dei som utfører dei, blir òg menneskelivet ved den same prosessen rikt, mangfaldig og livgjevande, slik at det gjev rikelegare næring til høge tankar og opphøgde kjensler, og styrkjer det bandet som bind kvart individ til slekta, ved å gjere slekta uendeleg mykje meir verd å høyre til. I høve til utviklinga av individualiteten sin blir kvart menneske meir verdfullt for seg sjølv, og er difor i stand til å bli meir verdfullt for andre. Det er ei større livsfylde over hans eiga tilvære, og når det er meir liv i einingane, er det meir i den massen som er sett saman av dei. Så mykje samantrykking som er nødvendig for å hindre dei sterkare eksemplara av menneskenaturen i å gjere inngrep i rettane til andre, kan ein ikkje unnvere; men for dette er det rikeleg erstatning sjølv frå synspunktet til den menneskelege utviklinga. Dei utviklingsmidla som individet mistar ved å bli hindra i å tilfredsstille tilbøyingane sine til skade for andre, blir hovudsakleg vunne på kostnad av utviklinga til andre menneske. Og sjølv for han sjølv er det eit fullt motstykke i den betre utviklinga av den sosiale delen av naturen hans, som blir mogleg ved den tøymen som blir lagd på den sjølviske delen. Å bli halden til strenge rettferdsreglar for andres skuld utviklar dei kjenslene og evnene som har det beste for andre til føremål. Men å bli halden tilbake i ting som ikkje rører ved deira beste, berre på grunn av mishaget deira, utviklar ikkje noko verdfullt, bortsett frå den karakterstyrken som kan folde seg ut i å stå imot tvangen. Finn ein seg i det, sløvar og avstumpar det heile naturen. For å gje naturen til kvar einskild noko spelerom er det vesentleg at ulike menneske får lov til å leve ulike liv. I same grad som denne fridomen har vore utøvd i ei tidbolk, har den tidbolken vore merkverdig for ettertida. Sjølv despotiet frambringer ikkje dei verste verknadene sine så lenge individualiteten består under det; og alt som knuser individualiteten, er despoti, same kva namn det blir kalla med, og anten det gjev seg ut for å handheve Guds vilje eller påboda til menneske.
Etter å ha sagt at individualitet er det same som utvikling, og at det berre er dyrkinga av individualiteten som frambringer, eller kan frambringe, velutvikla menneske, kunne eg her avslutte argumentasjonen: For kva meir eller betre kan seiast om nokon tilstand i menneskelege forhold enn at han bringer menneska sjølve nærmare det beste dei kan bli? Eller kva verre kan seiast om noka hindring for det gode enn at ho forhindrar dette? Desse betraktningane vil likevel utan tvil ikkje vere nok til å overtyde dei som mest treng å overtydast; og det er nødvendig vidare å vise at desse utvikla menneska er til noka nytte for dei uutvikla – å peike på for dei som ikkje ønskjer fridom, og ikkje ville nytte seg av han, at dei på ein eller annan forståeleg måte kan bli løna for å la andre menneske bruke han utan hindring.
For det første vil eg då ymte om at dei kanskje kunne lære noko av dei. Ingen vil nekte for at originalitet er eit verdfullt element i menneskelege forhold. Det er alltid behov for menneske som ikkje berre oppdagar nye sanningar og peikar på når det som ein gong var sanningar, ikkje lenger er sant, men som òg innleier ny praksis og gjev døme på meir opplyst åtferd og betre smak og fornuft i menneskelivet. Dette kan vanskeleg bestridast av nokon som ikkje trur at verda alt har nådd fullkomenskap i alle skikkane sine og all praksisen sin. Det er sant at denne velgjerninga ikkje kan ytast av alle i like grad: Det er berre få menneske, samanlikna med heile menneskeslekta, som har eksperiment som, om dei vart tekne opp av andre, truleg ville vere noka betring av den etablerte praksisen. Men desse få er saltet på jorda; utan dei ville menneskelivet bli ein stilleståande dam. Det er ikkje berre dei som innfører gode ting som ikkje fanst før; det er dei som held liv i dei som alt fanst. Dersom det ikkje var noko nytt å gjere, ville då menneskeleg intellekt slutte å vere nødvendig? Ville det vere ein grunn til at dei som gjer dei gamle tinga, skulle gløyme kvifor dei blir gjorde, og gjere dei som krøter, ikkje som menneske? Det er ein altfor sterk tendens hos dei beste overtydingane og den beste praksisen til å forfalle til det mekaniske; og dersom det ikkje fanst ei rekkje av menneske som med sin stadig tilbakevendande originalitet hindrar grunnlaget for desse overtydingane og denne praksisen i å bli reint tradisjonelt, ville slikt daudt stoff ikkje tole det minste støyt frå noko som verkeleg lever, og det ville ikkje vere nokon grunn til at sivilisasjonen ikkje skulle døy ut, som i Det bysantinske riket. Geni er rett nok, og vil truleg alltid vere, eit lite mindretal; men for å ha dei er det nødvendig å ta vare på den jordbotnen dei veks i. Geniet kan berre puste fritt i ein atmosfære av fridom. Geni er, ex vi termini, meir individuelle enn alle andre menneske – og følgjeleg mindre i stand til, utan skadeleg samantrykking, å passe inn i nokon av dei få formene som samfunnet stiller til rådvelde for å spare medlemene sine for bryet med å forme sin eigen karakter. Dersom dei av fryktsemd går med på å bli tvinga inn i ei av desse formene, og lèt heile den delen av seg sjølve som ikkje kan folde seg ut under trykket, bli verande uutfalda, vil samfunnet ha lite gagn av geniet deira. Dersom dei har ein sterk karakter og bryt lenkjene sine, blir dei ei skyteskive for det samfunnet som ikkje har lukkast i å redusere dei til det alminnelege, som peikar på dei med høgtidleg åtvaring som «ville», «ustadige» og liknande – om lag som om ein skulle klage på Niagara-elva for at ho ikkje flyt roleg mellom breiddene sine som ein hollandsk kanal.
Eg legg så ettertrykkeleg vekt på kor viktig geniet er, og på kor naudsynt det er å la det folde seg ut fritt både i tanke og i praksis, vel vitande om at ingen vil nekte for standpunktet i teorien, men òg i visse om at nesten alle, i røynda, er fullstendig likesæle til det. Folk synest geni er ein fin ting dersom det set ein mann i stand til å skrive eit gripande dikt eller måle eit bilete. Men i den eigentlege tydinga av ordet, nemleg originalitet i tanke og handling, meiner nesten alle i sitt stille sinn at dei godt kan klare seg utan det, sjølv om ingen seier at det ikkje er noko å beundre. Diverre er dette altfor naturleg til at ein kan undre seg over det. Originalitet er det eine som uoriginale sinn ikkje kan kjenne nytta av. Dei kan ikkje sjå kva han skal gjere for dei: korleis skulle dei kunne det? Kunne dei sjå kva han ville gjere for dei, ville det ikkje vere originalitet. Den første tenesta originaliteten har å yte dei, er å opne auga deira; og når det først er fullt ut gjort, ville dei ha ein sjanse til sjølve å bli originale. I mellomtida bør dei, i minne om at ingenting nokon gong er blitt gjort som ikkje nokon var den første til å gjere, og at alle gode ting som finst, er fruktene av originaliteten, vere beskjedne nok til å tru at det enno er noko att for han å utrette, og forvisse seg om at dei treng originalitet dess meir, di mindre dei er seg mangelen medvitne.
I nøktern sanning: Same kva hyllest ein vedkjenner seg til, eller jamvel yter, overfor verkeleg eller formoda åndeleg overlegenheit, går den allmenne tendensen i tinga over heile verda i retning av å gjere middelmåtet til den rådande makta blant menneskeslekta. I oldtidshistoria, i mellomalderen, og i minkande grad gjennom den lange overgangen frå føydalvesenet til vår eiga tid, var individet ei makt i seg sjølv; og hadde han anten store talent eller ei høg sosial stilling, var han ei monaleg makt. For tida går individa tapt i mengda. I politikken er det nesten ein banalitet å seie at den offentlege meininga no styrer verda. Den einaste makta som fortener namnet, er massane si, og regjeringane si så lenge dei gjer seg til organ for tendensane og instinkta til massane. Dette er like sant i dei moralske og sosiale tilhøva i privatlivet som i offentlege saker. Dei som har dei meiningane som går under namnet den offentlege meininga, er ikkje alltid same slags offentlegheit: i Amerika er dei heile den kvite folkesetnaden; i England hovudsakleg middelklassen. Men dei er alltid ein masse, det vil seie kollektivt middelmåt. Og kva som er ei endå større nyheit: massen hentar no ikkje meiningane sine frå dignitarar i kyrkje eller stat, frå erklærte leiarar eller frå bøker. Tenkinga deira blir gjord for dei av menn som liknar dei sjølve, som vender seg til dei eller talar i deira namn, på sparket, gjennom avisene. Eg klagar ikkje over alt dette. Eg påstår ikkje at noko betre, som allmenn regel, er foreinleg med den noverande låge tilstanden til menneskeånda. Men det hindrar ikkje at styret til middelmåtet er eit middelmåtig styre. Ikkje noko styre ved eit demokrati eller eit talrikt aristokrati har nokon gong heva seg, eller kunna heve seg, over middelmåtet, verken i dei politiske handlingane sine eller i dei meiningane, eigenskapane og den sinnsstemninga det fremjar, utan i den grad dei suverene Mange har late seg leie (noko dei i sine beste tider alltid har gjort) av råda og innverknaden frå ein høgare gåverik og opplyst Einskild eller nokre Få. Initiativet til alt klokt eller edelt kjem og må kome frå individ; som regel i første omgang frå eitt einskilt individ. Æra og heideren til gjennomsnittsmennesket er at han er i stand til å følgje dette initiativet; at han i sitt indre kan svare på kloke og edle ting, og la seg leie til dei med opne auge. Eg går ikkje god for den slags «heltedyrking» som applauderer det sterke geniet for med makt å ta over styret av verda og få henne til å gjere hans vilje mot hennar eigen. Alt han kan gjere krav på, er fridom til å peike ut vegen. Makta til å tvinge andre inn på han er ikkje berre uforeinleg med fridomen og utviklinga til alle dei andre, men fordervande for den sterke mannen sjølv. Det synest likevel som om, når meiningane til massar av berre gjennomsnittlege menneske overalt er blitt eller er i ferd med å bli den herskande makta, motvekta og korrektivet til denne tendensen ville vere ein stadig meir utprega individualitet hos dei som står på dei høgare tindane i tenkinga. Det er under desse omstenda framfor alt at uvanlege individ, i staden for å bli skremde frå det, burde oppmuntrast til å handle annleis enn massen. I andre tider var det ingen fordel i at dei gjorde det, med mindre dei handla ikkje berre annleis, men betre. I vår tidsalder er det blotte dømet på nonkonformitet, den blotte vegringa mot å bøye kne for sedvanen, i seg sjølv ei teneste. Nettopp fordi tyranniet til meininga er slik at det gjer eksentrisitet til ei skulding, er det ønskjeleg, for å bryte gjennom dette tyranniet, at folk er eksentriske. Eksentrisitet har alltid vore rikeleg til stades når og der karakterstyrke har vore rikeleg til stades; og mengda av eksentrisitet i eit samfunn har som regel stått i høve til mengda av geni, åndskraft og moralsk mot det romma. At så få no vågar å vere eksentriske, viser den største faren i tida.
Eg har sagt at det er viktig å gi det uvanlege friast mogleg spelerom, for at det med tida kan vise seg kva for nokre av desse tinga som eignar seg til å bli gjorde til skikkar. Men sjølvstende i handling og ringeakt for sedvanen fortener ikkje oppmuntring berre for den sjansen dei gir til at betre handlemåtar, og skikkar som er meir verdige til allmenn overtaking, kan bli slegne inn på; og det er heller ikkje berre personar med avgjort åndeleg overlegenheit som har eit rettkome krav på å leve liva sine på sin eigen måte. Det er ingen grunn til at alle menneskelege tilvære skulle byggjast etter eitt, eller eit lite tal, mønster. Dersom ein person har ei nokolunde mengd sunt vit og røynsle, er hans eigen måte å innrette tilværet sitt på den beste, ikkje fordi han er den beste i seg sjølv, men fordi han er hans eigen måte. Menneske er ikkje som sauer; og sjølv sauer er ikkje så like at dei ikkje kan skiljast frå kvarandre. Ein mann kan ikkje få ein frakk eller eit par støvlar som passar han, med mindre dei anten er laga etter hans mål eller han har eit heilt lager å velje frå: og er det lettare å finne eit liv som passar han enn ein frakk, eller liknar menneske meir på kvarandre i heile sin fysiske og åndelege skapnad enn i forma på føtene? Om det berre var at folk har ulik smak, er det grunn nok til ikkje å freiste å forme dei alle etter éin modell. Men ulike personar krev òg ulike vilkår for den åndelege utviklinga si; og dei kan like lite leve sunt i den same moralske atmosfæren og det same moralske klimaet som heile mangfaldet av plantar kan i det same fysiske. Dei same tinga som er til hjelp for éin person i dyrkinga av hans høgare natur, er hindringar for ein annan. Den same levemåten er ein sunn stimulans for éin, som held alle evnene hans til handling og nyting i beste stand, medan han for ein annan er ei forstyrrande bør, som lammar eller knuser alt indre liv. Så store er skilnadene mellom menneske i kjeldene deira til glede, mottakelegheita deira for smerte og verknaden på dei av ulike fysiske og moralske påverknader, at med mindre det finst eit tilsvarande mangfald i levemåtane deira, oppnår dei verken sin rettkomne del av lykke eller veks opp til den åndelege, moralske og estetiske høgda som naturen deira er i stand til. Kvifor skulle då toleransen, så langt den offentlege kjensla gjeld, berre strekkje seg til smaksretningar og levemåtar som tvingar fram samtykke ved mengda av tilhengjarane sine? Ingen stader (utanom i somme klosterinstitusjonar) er mangfald i smak fullstendig ukjent; ein person kan utan å bli klandra anten like eller mislike roing, eller røyking, eller musikk, eller atletiske øvingar, eller sjakk, eller kortspel, eller studiar, fordi både dei som likar kvar av desse tinga, og dei som mislikar dei, er for talrike til å kunne kuast. Men den mannen, og endå meir den kvinna, som kan skuldast anten for å gjere «det ingen gjer», eller for ikkje å gjere «det alle gjer», blir gjenstand for like mykje nedsetjande omtale som om han eller ho hadde gjort ei alvorleg moralsk misgjerning. Folk må ha ein tittel, eller eit anna teikn på rang, eller på vørdnad hos folk av rang, for i nokon grad å kunne unne seg den luksusen å gjere som dei vil utan skade for omdømet sitt. I nokon grad, gjentek eg: for dei som tillèt seg mykje av denne fridomen, tek risikoen for noko verre enn nedsetjande tale – dei står i fare for ein kommisjon de lunatico, og for å få eigedomen sin teken frå seg og gitt til slektningane.3
Det er eitt kjenneteikn ved den noverande retninga til den offentlege meininga som er særleg eigna til å gjere henne intolerant overfor kvar tydeleg framvising av individualitet. Det allmenne gjennomsnittet av menneskeslekta er ikkje berre moderat i forstand, men òg moderat i tilbøyelegheiter: dei har ingen smak eller ønske sterke nok til å drive dei til å gjere noko uvanleg, og følgjeleg forstår dei ikkje dei som har det, og set alle slike i klasse med dei ville og umåtehaldne som dei plar sjå ned på. Når vi no, i tillegg til denne allmenne kjensgjerninga, berre går ut frå at ei sterk rørsle er sett inn mot å forbetre moralen, er det openbert kva vi har å vente. I våre dagar har ei slik rørsle sett inn; mykje er faktisk utretta når det gjeld større regelmessigheit i åtferd og motarbeiding av utskeiingar; og det er ei filantropisk ånd ute og går, og for utøvinga av henne finst ingen meir innbydande mark enn den moralske og klokskapsmessige forbetringa av medskapningane våre. Desse tidstendensane gjer offentlegheita meir tilbøyeleg enn i dei fleste tidlegare periodar til å føreskrive allmenne åtferdsreglar og freiste å få alle til å rette seg etter den godkjende standarden. Og denne standarden, uttalt eller stillteiande, er ikkje å ønskje noko sterkt. Karakteridealet hans er å vere utan nokon utprega karakter; å lemleste ved samanpressing, som foten til ei kinesisk dame, kvar del av menneskenaturen som stikk tydeleg fram og har ein tendens til å gjere personen merkbart ulik den vanlege menneskeslekta i omriss.
Som vanlegvis er tilfellet med ideal som utelukkar den eine halvparten av det som er ønskjeleg, frambringar den noverande målestokken for bifall berre ei underlegen etterlikning av den andre halvparten. I staden for store krefter leidde av ei kraftig fornuft, og sterke kjensler sterkt kontrollerte av ein samvitsfull vilje, er resultatet veike kjensler og veike krefter, som difor kan haldast i ytre samsvar med regelen utan nokon styrke verken i vilje eller fornuft. Allereie er energiske karakterar i nokon større målestokk i ferd med å bli reint tradisjonelle. Det finst no knapt noko utlaup for energi i dette landet utanom forretningar. Energien som blir brukt der, kan framleis reknast som monaleg. Det vesle som blir til overs frå denne sysselsetjinga, går til ein eller annan hobby; som kan vere ein nyttig, jamvel ein filantropisk hobby, men som alltid er éin einskild ting, og som regel ein ting av små dimensjonar. Storleiken til England er no heilt og halde kollektiv: små kvar for oss, synest vi berre i stand til noko stort gjennom vanen vår med å slå oss saman; og med dette er dei moralske og religiøse filantropane våre fullkome tilfredse. Men det var menn av eit anna slag enn dette som gjorde England til det det har vore; og menn av eit anna slag vil trengast for å hindre forfallet.
Despotiet til sedvanen er overalt den ståande hindringa for menneskeleg framgang, sidan det står i uopphøyrleg motsetnad til den tilbøyelegheita til å sikte mot noko betre enn det sedvanlege, som alt etter omstenda blir kalla fridomsånda, eller framstegets eller forbetringas ånd. Forbetringas ånd er ikkje alltid ei fridomsånd, for ho kan sikte mot å tvinge forbetringar på eit uviljug folk; og fridomsånda kan, i den grad ho gjer motstand mot slike forsøk, lokalt og mellombels binde seg saman med motstandarane av forbetring; men den einaste usvikelege og varige kjelda til forbetring er fridomen, sidan det ved han finst like mange moglege uavhengige sentrum for forbetring som det finst individ. Det progressive prinsippet står likevel, i begge skapnader, anten som kjærleik til fridom eller til forbetring, i motsetnad til herredømet til Sedvanen, i og med at det i det minste inneber frigjering frå dette åket; og kampen mellom dei to utgjer det som framfor alt er av interesse i historia til menneskeslekta. Størstedelen av verda har, strengt teke, inga historie, fordi despotiet til Sedvanen er fullstendig. Slik er det over heile Austen. Sedvanen er der, i alle ting, den siste instansen; rettferd og rett tyder samsvar med sedvanen; argumentet frå sedvanen tenkjer ingen, med mindre det er ein tyrann rusa av makt, på å setje seg imot. Og vi ser resultatet. Desse nasjonane må ein gong ha hatt originalitet; dei sprang ikkje opp av jorda folkerike, skriftlærde og kjende i mange av livsens kunstar; dei gjorde seg sjølve til alt dette, og var då dei største og mektigaste nasjonane i verda. Kva er dei no? Undersåttar eller avhengige av stammar som hadde forfedrar som streifa om i skogane då deira eigne hadde praktfulle palass og prangande tempel, men som sedvanen berre herska over i delt makt med fridom og framsteg. Eit folk kan, viser det seg, vere progressivt i ei viss tid, og så stanse: når stansar det? Når det sluttar å ha individualitet. Skulle ei liknande endring råke nasjonane i Europa, vil det ikkje vere i nøyaktig same skapnad: det despotiet frå sedvanen som desse nasjonane blir truga av, er ikkje akkurat stillstand. Det forbyr det særeigne, men det utelukkar ikkje endring, føresett at alle endrar seg saman. Vi har kasta dei faste draktene til forfedrane våre; alle må framleis kle seg som andre folk, men moten kan skifte éin eller to gonger i året. Vi syter såleis for at når det skjer endring, skal ho vere for endringa si eiga skuld, og ikkje ut frå nokon førestilling om venleik eller bekvemmelegheit; for den same førestillinga om venleik eller bekvemmelegheit ville ikkje slå ned i heile verda i same augneblink, og bli kasta til side av alle samstundes i ein annan augneblink. Men vi er progressive så vel som foranderlege: vi gjer stadig nye oppfinningar i mekaniske ting, og held på dei til dei igjen blir avløyste av betre; vi er ivrige etter forbetring i politikken, i utdanninga, sjølv i moralen, endå i dette siste består førestillinga vår om forbetring hovudsakleg i å overtale eller tvinge andre folk til å vere like gode som oss sjølve. Det er ikkje framsteget vi har noko imot; tvert imot smigrar vi oss med at vi er det mest progressive folket som nokon gong har levd. Det er individualiteten vi fører krig mot: vi ville meine at vi hadde gjort underverk om vi hadde gjort oss alle like; i og med at vi gløymer at ulikskapen mellom éin person og ein annan som regel er det første som leier merksemda hos kvar av dei til ufullkomenskapen ved hans eigen type, og overlegenheita ved ein annan, eller høvet til, ved å sameine fordelane ved begge, å frambringe noko betre enn begge. Vi har eit åtvarande døme i Kina – ein nasjon med mykje talent, og i somme omsyn jamvel visdom, takka vere det sjeldne hellet å ha blitt utstyrt på eit tidleg tidspunkt med eit særleg godt sett av skikkar, til ein viss grad verket til menn som sjølv den mest opplyste europear, med visse atterhald, må tilkjenne tittelen vismenn og filosofar. Dei er òg merkverdige for kor framifrå apparatet deira er til å innprente, så langt som mogleg, den beste visdomen dei eig, i kvart sinn i samfunnet, og til å sikre at dei som har tileigna seg mest av han, skal ha postane for ære og makt. Det folket som gjorde dette, må visseleg ha oppdaga løyndomen ved menneskeleg framstegsevne, og må ha halde seg støtt i spissen for rørsla i verda. Tvert imot er dei blitt stilleståande – har vore det i tusenvis av år; og skal dei nokon gong bli ytterlegare forbetra, må det skje ved framande. Dei har lukkast over all forventning i det som engelske filantropar så flittig arbeider med – i å gjere eit folk heilt likt, der alle styrer tankane og åtferda si etter dei same maksimane og reglane; og dette er fruktene. Det moderne regime til den offentlege meininga er, i uorganisert form, det som dei kinesiske utdannings- og politiske systema er i organisert; og med mindre individualiteten skal lukkast i å hevde seg mot dette åket, vil Europa, trass i si edle fortid og sin vedkjende kristendom, ha ein tendens til å bli eit nytt Kina.
Kva er det som hittil har berga Europa frå denne lagnaden? Kva har gjort den europeiske nasjonsfamilien til ein del av menneskeslekta som forbetrar seg, i staden for ein stilleståande del? Ikkje nokon overlegen framifråskap hos dei, som, når han finst, finst som verknad, ikkje som årsak; men det merkverdige mangfaldet deira i karakter og kultur. Individ, klassar, nasjonar har vore ytterst ulike kvarandre: dei har slege inn på eit stort mangfald av vegar, som kvar førte til noko verdfullt; og endå dei som vandra på ulike vegar, til kvar tid har vore intolerante mot kvarandre, og kvar ville ha syntest det var ein framifrå ting om alle dei andre kunne ha blitt tvinga til å gå hans veg, har forsøka deira på å hindre kvarandre si utvikling sjeldan hatt nokon varig framgang, og kvar har med tida funne seg i å ta imot det gode som dei andre har hatt å by på. Europa skuldar etter mi meining heilt og halde dette mangfaldet av vegar den progressive og mangesidige utviklinga si. Men det byrjar allereie å ha denne fordelen i monaleg mindre grad. Det går avgjort i retning av det kinesiske idealet om å gjere alle menneske like. Herr de Tocqueville merkar i det siste viktige verket sitt kor mykje meir franskmennene i våre dagar liknar kvarandre enn sjølv dei i førre generasjon gjorde. Den same merknaden kunne gjerast om engelskmenn i langt høgare grad. I eit avsnitt som allereie er sitert frå Wilhelm von Humboldt, peikar han på to ting som naudsynte vilkår for menneskeleg utvikling, fordi dei er naudsynte for å gjere folk ulike kvarandre; nemleg fridom og mangfald av situasjonar. Det andre av desse to vilkåra minkar her i landet for kvar dag. Dei omstenda som omgir ulike klassar og individ og formar karakterane deira, blir dagleg meir like. Tidlegare levde ulike stender, ulike nabolag, ulike handverk og yrke i det som kunne kallast ulike verder; no i stor grad i den same. Forholdsvis sett les dei no dei same tinga, høyrer dei same tinga, ser dei same tinga, går til dei same stadene, har vonene og frykta si retta mot dei same måla, har dei same rettane og fridomane, og dei same midla til å hevde dei. Så store som dei skilnadene i stilling som står att, er, er dei ingenting mot dei som har teke slutt. Og utjamninga held framleis fram. Alle dei politiske endringane i tida fremjar henne, sidan dei alle går i retning av å heve dei låge og senke dei høge. Kvar utviding av utdanninga fremjar henne, fordi utdanning fører folk inn under felles påverknader og gir dei tilgang til det allmenne forrådet av kjensgjerningar og kjensler. Forbetringar i samferdslemidla fremjar henne, ved å føre innbyggjarane på fjerne stader i personleg kontakt, og ved å halde ein rask straum av flyttingar mellom den eine staden og den andre i gang. Veksten i handel og industri fremjar henne, ved å spreie fordelane ved gode kår vidare, og ved å opne alle måla for ærgjerrigheita, sjølv dei høgaste, for allmenn konkurranse, og dermed blir ønsket om å stige ikkje lenger kjenneteiknet på ein særskild klasse, men på alle klassar. Ei mektigare kraft enn sjølv alle desse, når det gjeld å frambringe ein allmenn likskap blant menneska, er den fullstendige etableringa, i dette og andre frie land, av overherredømet til den offentlege meininga i staten. Etter kvart som dei ulike sosiale høgdene som sette personar forskansa på dei i stand til å sjå bort frå meininga til mengda, gradvis blir jamna ut; etter kvart som sjølve tanken på å setje seg imot viljen til offentlegheita, når det er sikkert kjent at ho har ein vilje, meir og meir forsvinn frå sinnet til dei praktiske politikarane; sluttar det å finnast noka sosial støtte for nonkonformitet – noka sjølvstendig makt i samfunnet som, sjølv i opposisjon til overherredømet til talet, har interesse av å ta under sitt vern meiningar og tendensar som avvik frå dei offentlegheita har.
Saman utgjer alle desse årsakene ein så stor masse av påverknader fiendtlege mot Individualiteten, at det ikkje er lett å sjå korleis han kan halde stand. Han vil gjere det med aukande vanske, med mindre den intelligente delen av offentlegheita kan bringast til å kjenne verdien hans – til å sjå at det er godt at det finst skilnader, sjølv om dei ikkje er til det betre, sjølv om somme, slik det kan synast for dei, skulle vere til det verre. Skal krava til Individualiteten nokon gong gjerast gjeldande, er tida no, medan mykje enno manglar for å fullføre den påtvinga utjamninga. Det er berre på dei tidlegare stadia at det med hell kan gjerast motstand mot inntrenginga. Kravet om at alle andre skal likne oss sjølve, veks av det det nærer seg på. Dersom motstanden ventar til livet er redusert nesten til éin einsarta type, vil alle avvik frå denne typen kome til å bli rekna som ugudelege, umoralske, jamvel monstrøse og naturstridige. Menneska blir raskt ute av stand til å førestille seg mangfald, når dei i nokon tid har vore uvane med å sjå det.
The Sphere and Duties of Government, frå tysk etter baron Wilhelm von Humboldt, s. 11–13. ↩︎
Sterlings Essays. ↩︎
Det er noko både forakteleg og skremmande ved den slags prov som i dei seinare åra kan få kven som helst rettsleg erklært uskikka til å forvalte sakene sine; og som etter hans død kan få disposisjonen hans over eigedomen sett til side, dersom det er nok av han til å dekkje sakskostnadene – som blir belasta eigedomen sjølv. Alle dei minste detaljane i det daglege livet hans blir snoka i, og alt som blir funne som, sett gjennom oppfatnings- og skildringsevnene til dei lågaste av dei låge, ser ut som noko anna enn det fullstendig vanlege, blir lagt fram for juryen som prov på sinnssjukdom, og ofte med hell; i og med at jurymedlemene er lite, om i det heile, mindre simple og uvitande enn vitna; medan dommarane, med den uvanlege mangelen på kjennskap til menneskenaturen og livet som stadig forbløffar oss hos engelske juristar, ofte hjelper til med å villeie dei. Desse rettssakene seier mykje om tilstanden i kjensle og meining blant dei simple når det gjeld menneskeleg fridom. Langt frå å setje nokon verdi på individualitet – langt frå å respektere retten til kvart individ til å handle, i likesæle ting, slik det synest godt for hans eiga dømmekraft og hans eigne tilbøyelegheiter, kan dommarar og juryar ikkje eingong førestille seg at ein person ved sine fulle fem kan ønskje ein slik fridom. I gamle dagar, då det vart føreslått å brenne ateistar, pla barmhjertige folk føreslå å setje dei i eit galehus i staden: det ville ikkje vere noko overraskande om vi i våre dagar skulle sjå dette gjort, og gjerningsmennene applaudere seg sjølve, fordi dei, i staden for å forfølgje for religionen si skuld, hadde valt ein så human og kristeleg måte å behandle desse ulykkelege på, ikkje utan ei stille tilfredsheit over at dei dermed hadde fått som fortent. ↩︎