Det komande slaveriet
Kvart statleg tiltak skaper behovet for det neste, og kvar generasjon arvar inngrepa til førre generasjon som noko sjølvsagt. Spencer følgjer denne logikken frå fattiglova til dei sosialistiske programma i si eiga samtid, og spør kva som skil ein arbeidar som må gje staten alt han tener utover det naudsynte, frå ein slave.
Medkjensla sitt slektskap med kjærleiken viser seg mellom anna i dette, at ho idealiserer gjenstanden sin. Medkjensle med ein som lid, fortrengjer for ei stund minnet om brota hans. Kjensla som gjev seg utslag i «stakkars fyr!» ved synet av ein som pinest, utelukkar tanken «slem fyr», som kunne ha meldt seg ein annan gong. Naturlegvis blir då, dersom dei ulukkelege er ukjende eller berre vagt kjende, alle dei feila dei måtte ha, oversedde; og slik går det til at når elendet til dei fattige blir skildra, slik som nettopp no, tenkjer ein på det som elendet til dei verdige fattige, i staden for å tenkje på det, slik ein i stor grad burde, som elendet til dei uverdige fattige. Dei som får trengslene sine lagde fram i pamflettar og forkynte i preiker og talar som ljomar gjennom heile samfunnet, blir alle rekna for verdige sjeler som har lide grov urett, og ingen av dei blir tenkte på som nokon som ber straffa for sine eigne misgjerningar.
Når ein praiar ei drosje i ei gate i London, er det overraskande kor ofte døra beflitteleg blir opna av ein som ventar å få noko for bryet. Overraskinga minkar etter at ein har talt dei mange dagdrivarane ved vertshusdørene, eller etter å ha lagt merke til kor raskt ei gateframsyning eller eit opptog dreg ein flokk lediggjengarar ut frå slumkvartera og stallgardane i nabolaget. Når ein ser kor talrike dei er på kvart lite område, blir det openbert at titusen av slike vrimlar gjennom London. «Dei har ikkje arbeid», seier du. Sei heller at dei anten nektar å arbeide eller raskt syter for å miste arbeidet. Dei er rett og slett udugelege som på ein eller annan måte lever av dei dugelege – landstrykarar og drankarar, brotsmenn og slike som er på veg til brotsverket, unge menn som er ei byrde for hardt arbeidande foreldre, menn som tileignar seg løna til konene, karar som deler inntektene til dei prostituerte; og så, mindre synleg og mindre talrik, finst det ein tilsvarande klasse kvinner.
Er det naturleg at lukke skulle bli slike til del? Eller er det naturleg at dei fører ulukke over seg sjølve og dei som er knytte til dei? Er det ikkje openbert at det må finnast ei umåteleg mengd elende midt iblant oss som er eit normalt resultat av dårleg åtferd og ikkje bør skiljast frå henne? Det finst ei førestilling, alltid meir eller mindre utbreidd og for tida høglydt uttrykt, om at all sosial liding kan fjernast, og at det er plikta til ein eller annan å fjerne henne. Begge desse oppfatningane er falske. Å skilje smerta frå udåden er å kjempe mot innretninga til tinga, og vil bli følgd av langt meir smerte. Å redde menneske frå dei naturlege straffene for eit uvørde liv gjer det til slutt naudsynt å påføre kunstige straffer i eineceller, på tredemøller og med pisken. Eg går ut frå at eit utsegn som den rådande truvedkjenninga og vitskapen si truvedkjenning er samde om, kan reknast for å ha så høg autoritet som det er råd å finne. Nå vel, bodet «om nokon ikkje vil arbeide, skal han heller ikkje ete» er simpelthen ei kristen formulering av den universelle naturlova som livet har nådd si noverande høgd under – lova om at ein skapning som ikkje er energisk nok til å halde seg sjølv i live, må døy; den einaste skilnaden er at lova som i det eine tilfellet skal handhevast kunstig, i det andre tilfellet er ei naturnødvende. Og likevel er nettopp denne læresetninga i religionen deira, som vitskapen så openbert rettferdiggjer, den som dei kristne synest minst tilbøyelege til å godta. Den gjengse føresetnaden er at det ikkje skulle finnast noka liding, og at samfunnet har skulda for den som finst.
«Men vi er då vel ikkje utan ansvar, sjølv når lidinga er dei uverdige si?»
Dersom tydinga av ordet «vi» blir utvida så mykje at ho forutan oss sjølve òg omfattar forfedrane våre, og særleg forfedrane våre blant lovgjevarane, er eg samd. Eg vedgår at dei som laga, endra og forvalta den gamle fattiglova, var ansvarlege for å frambringe ei forferdande mengd demoralisering, som det vil ta meir enn éin generasjon å fjerne. Eg vedgår òg det delvise ansvaret som nyare og noverande lovgjevarar har for føresegner som har skapt ein fast stand av landstrykarar som vandrar frå fattigdistrikt til fattigdistrikt; og likeins ansvaret deira for å halde oppe ei stadig tilførsle av brotsmenn ved å sende straffangar tilbake til samfunnet under slike tilhøve at dei nesten er nøydde til å gjere brotsverk på nytt. Dessutan vedgår eg at dei filantropiske ikkje er utan sin del av ansvaret; for medan dei ivrig hjelper avkomet til dei uverdige, gjer dei ingenting for avkomet til dei verdige anna enn å belaste foreldra deira med auka lokale skattar. Ja, eg vedgår til og med at desse svermane av udugelege, oppfostra og mangfaldiggjorde av offentlege og private organ, gjennom diverse skadeleg innblanding er blitt påførte meir liding enn dei elles ville ha lide. Er det desse ansvara som er meinte? Eg tvilar på det.
Men lat oss no leggje spørsmålet om ansvar til side, korleis det enn blir oppfatta, og berre sjå på vondet sjølv: Kva skal vi seie om behandlinga av det? Lat meg byrje med eit faktum.
Ein avliden onkel av meg, pastor Thomas Spencer, i kring tjue år sokneprest i Hinton Charterhouse nær Bath, hadde ikkje før teke til med pliktene sine i soknet før han viste seg ivrig oppteken av vellet til dei fattige, ved å opprette ein skule, eit bibliotek, ei klesforeining og parsellhagar, forutan å byggje nokre mønsterhus. Dessutan var han fram til 1833 fattigfolks ven – alltid for fattiglemen mot fattigforstandaren. Så kom likevel debattane om fattiglova, som overtydde han om det vonde ved systemet som då galdt. Endå han var ein glødande filantrop, var han ingen fryktsam sentimentalist. Resultatet var at så snart den nye fattiglova var vedteken, gjekk han i gang med å gjennomføre føresegnene hennar i soknet sitt. Han møtte nesten allmenn motstand; ikkje berre dei fattige var motstandarane hans, men til og med bøndene som bar byrda av den tunge fattigskatten. For, merkeleg nok, var interessene deira tilsynelatande blitt knytte til oppretthaldinga av dette systemet som skattla dei så hardt. Forklaringa er at det hadde vakse fram ein praksis med å betale ein del av løna til kvar gardsarbeidar av fattigskatten – «make-wages» (lønstilskot), som summen vart kalla. Og endå bøndene bidrog med mesteparten av fondet som «make-wages» vart betalte av, syntest bøndene likevel å tene på ordninga, sidan alle dei andre skattytarane òg bidrog. Onkelen min lét seg likevel ikkje lett skremme; han trassa all denne motstanden og handheva lova. Resultatet var at på to år vart skatten redusert frå 700 £ i året til 200 £ i året, medan tilstanden i soknet vart sterkt betra. «Dei som hittil hadde drive omkring på gatehjørna eller ved dørene til ølsjappene, fekk noko anna å gjere, og éin etter éin fekk dei arbeid»; slik at av ei befolkning på åtte hundre måtte berre femten sendast som arbeidsudyktige fattiglemer til fattighuset i Bath (Bath Union Workhouse), i staden for dei hundre som kort tid før hadde fått understøtting utanfor fattighuset. Dersom det blir sagt at teleskopet til 20 £ som soknebarna hans nokre år seinare gav onkelen min, berre var eit uttrykk for takksemda til skattytarane, så er svaret mitt det faktum at då han endå nokre år seinare, etter å ha teke livet av seg ved overarbeid i si streving etter vellet til folket, vart ført til Hinton for å gravleggjast, var det ikkje berre dei velståande, men òg dei fattige som gjekk i følgjet som følgde han til grava.
Fleire motiv har gjeve grunn til denne korte forteljinga. Eitt er ønsket om å vise at medkjensle med folket og sjølvoppofrande innsats på deira vegner ikkje nødvendigvis inneber at ein godtek gratis hjelp. Eit anna er ønsket om å vise at gagn kan følgje, ikkje av at kunstige innretningar for å lindre naud blir mangfaldiggjorde, men tvert imot av at dei blir reduserte. Og eit ytterlegare føremål eg har for auget, er å bane vegen for ein analogi.
Under ei anna form og på eit anna område utvidar vi no år for år eit system som i sitt vesen er identisk med systemet med «make-wages» under den gamle fattiglova. Kor lite politikarane enn erkjenner det, lèt det seg likevel påvise at desse ulike offentlege innretningane for velferda til arbeidarklassen, som dei skaffar til vegar på kostnaden til skattytarane, i sitt indre vesen er av same art som dei som i tidlegare tider behandla drengen til bonden som halvt arbeidar og halvt fattiglem. I begge tilfella får arbeidaren, som gjengjeld for det han gjer, pengar som han kan kjøpe visse av dei tinga han treng for; medan det, for å skaffe han resten av dei, blir skote til pengar av eit felles fond reist ved skattar. Kva har det å seie om dei tinga skattytarane leverer gratis, i staden for at arbeidsgjevaren leverer dei som betaling, er av det eine eller det andre slaget? Prinsippet er det same. Lat oss i staden for summane som blir mottekne, setje inn varene og goda som blir kjøpte, og så sjå korleis saka står. I den gamle fattiglova si tid gav bonden for utført arbeid motverdien av, lat oss seie, husleige, brød, klede og brensel; medan skattytarane i praksis forsynte mannen og familien hans med sko, te, sukker, lys, litt flesk osb. Inndelinga er sjølvsagt vilkårleg; men utan tvil var det bonden og skattytarane som saman skaffa desse tinga. I våre dagar får handverkaren frå arbeidsgjevaren sin, i løn, motverdien av dei forbruksvarene han treng; medan tilfredsstillinga av andre av behova og ønska hans kjem frå det offentlege. På kostnaden til skattytarane har han i nokre tilfelle, og vil snart i fleire ha, eit hus til mindre enn marknadsverdien; for når ein kommune, som i Liverpool, brukar nesten 200 000 £ på å rive og byggje opp att bustader for dei lågare klassane, og står i ferd med å bruke like mykje ein gong til, så er det sjølvsagt underforstått at skattytarane på ein eller annan måte forsyner dei fattige med meir husrom enn dei husleigene dei betaler, elles ville ha gjeve dei. Handverkaren får vidare frå dei, i skulegang for borna sine, langt meir enn han betaler for; og det er all sannsynlegheit for at han snart vil få han gratis frå dei. Skattytarane tilfredsstiller òg det ønsket han måtte ha om bøker og aviser, og behagelege stader å lese dei på. I nokre tilfelle, som i Manchester, blir det dessutan sytt for gymnastikksalar for borna hans av begge kjønn, så vel som leikeplassar. Det vil seie at han, frå eit fond reist ved lokale skattar, får visse gode utover dei som summen han får for arbeidet sitt, set han i stand til å kjøpe. Den einaste skilnaden mellom dette systemet og det gamle systemet med «make-wages» ligg altså i kva slags tilfredsstillingar som blir oppnådde; og denne skilnaden rører ikkje i det minste ved naturen til ordninga.
Dessutan er begge gjennomsyra av i det vesentlege den same illusjonen. I det eine tilfellet som i det andre er det som ser ut som eit gratis gode, ikkje eit gratis gode. Beløpet som den halvt pauperiserte arbeidaren under den gamle fattiglova fekk frå soknet for å spe på vekeinntekta, var i røynda ikkje, slik det såg ut, ein bonus, for det vart følgt av ein i det vesentlege tilsvarande nedgang i løna hans, slik det raskt vart prova då systemet vart avskaffa og lønene steig. Nettopp slik er det med desse tilsynelatande velgjerningane som arbeidsfolk i byane får. Eg siktar ikkje berre til at dei utan å vite det betaler delvis gjennom dei auka husleigene for bustadene sine (når dei ikkje sjølve er skattytarar); men eg siktar til at løna dei får, i likskap med løna til gardsarbeidaren, blir redusert av desse offentlege byrdene som fell på arbeidsgjevarane. Les forteljingane som i det siste har kome frå Lancashire om bomullsstreiken, som inneheld prov, gjevne av arbeidarane sjølve, for at fortenestemarginen er så smal at dei mindre dyktige fabrikantane, så vel som dei med utilstrekkeleg kapital, går over ende, og at dei kooperative selskapa som konkurrerer med dei, sjeldan kan hevde seg; og tenk så over kva dette inneber for lønene. Blant produksjonskostnadene må skattar reknast med, både statlege og lokale. Dersom dei lokale skattane, slik som i dei store byane våre, no utgjer ein tredjedel av leigeverdien eller meir, og dersom arbeidsgjevaren må betale dette ikkje berre for den private bustaden sin, men for forretningslokala, fabrikkane, lagerbygningane og liknande, så følgjer det at renta på kapitalen hans må reduserast med det beløpet, eller beløpet må takast frå lønsfondet, eller dels det eine og dels det andre. Og dersom konkurransen mellom kapitalistar i same bransje og i andre bransjar har den verknaden at han held rentene så nede at medan nokre vinn, taper andre, og ikkje så få blir ruinerte – dersom kapitalen, når han ikkje får tilstrekkeleg rente, strøymer andre stader og lèt arbeidskrafta stå utan arbeid – då er det openbert at valet for handverkaren under slike tilhøve står mellom mindre arbeidsmengd og lågare betaling for arbeidet. Dessutan aukar desse lokale byrdene av nærskylde grunnar kostnadene for dei tinga han forbrukar. Òg dei avansane som distributørane tek, blir i gjennomsnitt fastsette av den gjeldande renta på kapital brukt i distribusjonsverksemd; og meirkostnadene ved å drive slik verksemd må betalast med høgare prisar. Slik at liksom landarbeidaren i fortida tapte på éin måte det han vann på ein annan, slik gjer byarbeidaren det i notida; og i begge tilfella kjem dessutan det tapet han blir påført gjennom administrasjonskostnadene og det sløseriet som følgjer med dei.
«Men kva har alt dette med ‘det komande slaveriet’ å gjere?» vil ein kanskje spørje. Ingenting direkte, men ein god del indirekte, som vi skal sjå etter endå eit innleiande avsnitt.
Det blir fortalt at då jernbanane først vart opna i Spania, vart bønder som stod på skjenene, ikkje sjeldan køyrde over, og at skulda fall på lokomotivførarane fordi dei ikkje stansa, ettersom røynslene frå landsbygda ikkje hadde gjeve noka førestilling om rørslemengda til ein stor masse i høg fart.
Hendinga kjem meg i hug når eg ser på førestillingane til den såkalla «praktiske» politikaren, som aldri får inn i hovudet tanken på noko slikt som ei politisk rørslemengd, og endå mindre på ei politisk rørslemengd som, i staden for å minke eller halde seg konstant, aukar. Teorien han dagleg går fram etter, er at forandringa som tiltaket hans valdar, vil stanse der han har tenkt at ho skal stanse. Han ser inngåande på det handlinga hans vil oppnå, men tenkjer lite på dei fjernare følgjene av den rørsla handlinga set i gang, og endå mindre på sideverknadene hennar. Då ein i krigstid skulle skaffe «kanonføde» ved å oppmuntre til folkevekst – då herr Pitt sa: «Lat oss gjere understøtting i tilfelle der det er mange born, til ei sak om rett og ære, i staden for ein grunn til vanære og forakt»1 – venta ein ikkje at fattigskatten skulle firedoblast på femti år, at kvinner med mange uekte born skulle bli føretrekte som hustruer framfor ærbare kvinner på grunn av inntektene dei hadde frå soknet, og at skarar av skattytarar skulle bli drege ned i rekkjene til fattiglemene. Lovgjevarar som i 1833 løyvde 20 000 £ i året til hjelp til å byggje skulehus, førestilte seg aldri at det steget dei då tok, skulle føre til tvungne bidrag, lokale og statlege, som no kjem opp i 6 000 000 £; dei hadde ikkje til hensikt å slå fast prinsippet om at A skulle gjerast ansvarleg for å utdanne avkomet til B; dei drøymde ikkje om ein tvang som skulle ta frå fattige enkjer hjelpa frå dei eldste borna deira; og endå mindre drøymde dei om at etterfølgjarane deira, ved å krevje at forarma foreldre skulle søkje fattigstyra om å betale skulepengane som skulestyra ikkje ville ettergje, skulle innleie ein vane med å søkje fattigstyra og slik valde pauperisering.2 Heller ikkje førestilte dei som i 1834 vedtok ei lov som regulerte arbeidet til kvinner og born i visse fabrikkar, seg at systemet dei innleidde, skulle ende i avgrensing og inspeksjon av arbeidet i alle slags produksjonsbedrifter der meir enn femti menneske er sysselsette; og dei tenkte heller ikkje at inspeksjonen som vart innført, skulle vekse så langt at det blir kravt at før ein «ung person» blir tilsett i ein fabrikk, må det gjevast løyve av ein attesterande lege, som ved personleg undersøking (som det ikkje er sett noka grense for) har forvissa seg om at det ikkje ligg føre nokon arbeidshemmande sjukdom eller lekamleg skrøpelegheit, slik at dommen hans avgjer om den «unge personen» skal tene løn eller ikkje.3 Endå mindre, som eg seier, førestiller politikaren som briskar seg med at måla hans er praktiske, seg dei indirekte resultata som vil følgje av dei direkte resultata av tiltaka hans. For å ta eit tilfelle som heng saman med eitt av dei som er nemnde ovanfor: Det var ikkje meininga at systemet med «betaling etter resultat» skulle gjere noko meir enn å gje lærarane ein verksam spore; ein gjekk ikkje ut frå at helsa deira i talrike tilfelle skulle svikte under denne sporen; ein venta ikkje at dei skulle bli leidde til å innføre eit puggesystem og leggje utilbørleg press på treige og veike born, ofte til stor skade for dei; ein såg ikkje føre seg at det i mange tilfelle skulle oppstå ei lekamleg svekking som inga mengd grammatikk og geografi kan vege opp. Heller ikkje fall det dei praktiske politikarane som innførte ei påboden lastelinje for handelsskip, inn at presset frå interessene til skipsreiarane vanemessig ville føre til at lastelinja vart lagd på den aller høgaste grensa, og at lastelinja gradvis ville stige, frå presedens til presedens, stadig i same retning – slik eg frå påliteleg hald høyrer at ho alt har gjort. Lovgjevarar som for kring førti år sidan ved parlamentsvedtak påla jernbaneselskapa å tilby billeg befordring, ville ha ledd av den oppfatninga, om ho var blitt uttrykt, at lova deira til slutt skulle straffe dei selskapa som betra tilbodet; og likevel vart dette resultatet for dei selskapa som byrja å frakte tredjeklassepassasjerar med hurtigtog, sidan dei vart ilagde ei straffeavgift tilsvarande passasjeravgifta for kvar tredjeklassepassasjer som vart frakta slik. Til dette dømet om jernbanane kan ein leggje eit langt meir slåande eitt som kjem for dagen når ein samanliknar jernbanepolitikken i England og Frankrike. Lovgjevarane som syrgde for at dei franske jernbanane til slutt skulle tilfalle staten, førestilte seg aldri den moglegheita at dårlegare reisemoglegheiter skulle bli følgja – dei såg ikkje føre seg at motviljen mot å forringe verdien av eigedom som til slutt skulle tilfalle staten, ville hindre løyve til konkurrerande linjer, og at befordringa i mangel av konkurrerande linjer ville bli forholdsvis kostbar, langsam og sjeldan; for som sir Thomas Farrar har vist, har den reisande i England store fordelar framfor den franske reisande når det gjeld kor billeg, raskt og hyppig han kan gjere reisene sine.
Men den «praktiske» politikaren, som trass i slike røynsler, gjentekne generasjon etter generasjon, held fram med å tenkje berre på dei nærmaste resultata, tenkjer naturlegvis aldri på resultat som er endå fjernare, endå meir allmenne og endå viktigare enn dei som nettopp er eksemplifiserte. For å gjenta metaforen som vart brukt ovanfor: Han spør aldri om den politiske rørslemengda som tiltaket hans set i gang, i nokre tilfelle minkande, men i andre tilfelle sterkt aukande, vil ha den same hovudretninga som andre slike rørslemengder eller ikkje; og om ho ikkje kan slå seg saman med dei og snart frambringe ein samla energi som verkar forandringar ingen har tenkt på. Fordi han dveler berre ved verknadene av sin eigen bestemte lovgjevingsstraum, og ikkje legg merke til korleis andre slike straumar som alt finst, og atter andre straumar som vil følgje av initiativet hans, følgjer det same gjennomsnittlege laupet, fell det han aldri inn at dei snart kan sameine seg til ein veldig flaum som fullstendig forandrar utsjånaden til tinga. Eller, for å forlate bileta til fordel for ei meir bokstaveleg framstilling: Han er umedviten om den sanninga at han er med på å forme ein bestemt type samfunnsorganisasjon, og at nærskylde tiltak, som verkar nærskylde forandringar i organisasjonen, med stadig aukande kraft tenderer mot å gjere denne typen allmenn, inntil tilbøyelegheita mot han, når ho har passert eit visst punkt, blir uimotståeleg. Liksom kvart samfunn, når det er mogleg, søkjer å frambringe i andre samfunn ein struktur som liknar dets eigen – liksom spartanarane og atenarane blant grekarane kvar for seg kjempa for å breie ut sine respektive politiske institusjonar, eller liksom dei europeiske monarkia på den franske revolusjonen si tid søkte å gjenopprette monarkiet i Frankrike – slik tenderer kvar art av struktur innanfor eitkvart samfunn mot å forplante seg. Liksom systemet med frivillig samvirke gjennom selskap, foreiningar og forbund for å nå forretningsmessige og andre mål breier seg gjennom eit samfunn, slik breier òg det motsette systemet med tvunge samvirke under statlege organ seg, og di større utbreiinga blir, di meir kraft til å breie seg får det. Spørsmålet over alle spørsmål for politikaren burde alltid vere: «Kva slags samfunnsstruktur er det eg medverkar til å frambringe?» Men dette er eit spørsmål han nesten aldri stiller seg.
Her skal vi ta ho opp for han. Lat oss no sjå på den allmenne gangen i dei seinare endringane, saman med den idéstraumen som følgjer dei, og sjå kvar dei fører oss.
Den tomme forma på eit spørsmål som blir stilt dagleg, er: «Vi har alt gjort dette; kvifor skulle vi ikkje gjere hitt?» Og det omsynet til presedens som spørsmålet antydar, driv stadig den regulerande lovgjevinga vidare. Etter å ha fått stadig fleire næringar dregne inn under verkeområdet sitt, skal lovene som avgrensar arbeidstida og føreskriv behandlinga av arbeidarar, no gjerast gjeldande for butikkar. Frå å inspisere losjihus for å avgrense talet på bebuarar og handheve sanitære tilhøve, har vi gått over til å inspisere alle hus under ei viss leige der det bur medlemmer av meir enn éin familie, og vi går no over til ein nærskyld inspeksjon av alle små hus.4 At staten har kjøpt og driv telegrafane, blir gjort til ein grunn for å krevje at staten skal kjøpe og drive jernbanane. Å forsyne born med føde for sinnet gjennom offentlege organ blir i somme tilfelle følgt av å forsyne dei med føde for kroppen; og etter at praksisen gradvis er blitt meir allmenn, kan vi vente at den forsyninga som no blir føreslått gjord gratis i det eine tilfellet, med tida vil bli føreslått gjord gratis i det andre, idet argumentet om at gode kroppar så vel som gode sinn trengst for å skape gode borgarar, logisk nok vil bli ført fram som grunn for utvidinga. Og så, med uttalt støtte i dei presedensane som kyrkja, skulen og lesesalen gjev, alle offentleg sytte for, blir det hevda at «fornøying, i den tydinga det no allment blir vedgått, treng lovgjeving og organisering minst like mykje som arbeid».5
Det er ikkje berre presedens som driv denne spreiinga fram, men òg den naudsynet som oppstår for å supplere verknadslause tiltak, og for å ta hand om dei kunstige vonda som stadig blir valda. Fiasko øydelegg ikkje trua på dei midla som er brukte, men gjev berre tanken om strengare bruk av slike middel eller vidare forgreiningar av dei. Ettersom lovene mot drukkenskap, som tok til i tidlege tider og rekk ned til vår eiga tid, då ytterlegare innskrenkingar i salet av rusdrikk tek opp kveldane i kvar sesjon, ikkje har gjort det ein venta, kjem det krav om meir gjennomgripande lover som lokalt forbyr salet heilt; og her, som i Amerika, vil desse utan tvil bli følgde av krav om at forbodet skal gjerast allment. Ettersom alle dei mange innretningane for å «utrydde» epidemiske sjukdomar ikkje har lukkast i å hindre utbrot av koppar, febersjukdomar og liknande, blir det søkt om eit ytterlegare botemiddel i form av politimakt til å gjennomsøkje hus etter sjuke personar, og fullmakt for helseembetsmenn til å undersøkje kven dei måtte finne for godt, for å sjå om han eller ho lid av ein infeksjonssjukdom eller smittsam sjukdom. Ettersom fattiglova i generasjonar har dyrka fram lettsindige vanar, og sett dei lettsindige i stand til å formeire seg, blir det no føreslått at dei vonda som den tvungne velgjerda har frambrakt, skal møtast med tvungen forsikring.
Utvidinga av denne politikken, som fører til utviding av tilsvarande idear, nærer overalt den stillteiande føresetnaden om at regjeringa bør gripe inn kvar gong noko ikkje går som det skal. «Du vil då vel ikkje at denne elendet skal halde fram!» ropar nokon, om du antydar ei innvending mot mykje av det som no blir sagt og gjort. Legg merke til kva som ligg i dette utropet. Det tek for gjeve, for det første, at all liding bør hindrast, noko som ikkje er sant: mykje liding er lækjande, og å hindre henne er å hindre eit botemiddel. For det andre tek det for gjeve at kvart vonde kan fjernast: sanninga er at mange vonde, med dei manglane menneskenaturen no har, berre kan skuvast ut av éin stad eller éi form og inn i ein annan stad eller ei anna form – og ofte blir auka ved endringa. Utropet rommar òg den unølande trua, som særleg vedkjem oss her, på at vonde av alle slag bør takast hand om av staten. Det fell ingen inn å spørje om det er andre krefter i verksemd som er i stand til å ta hand om vonde, og om ikkje dei aktuelle vonda kan vere mellom dei som best blir tekne hand om av desse andre kreftene. Og openbert: di talrikare dei statlege inngrepa blir, di fastare blir denne tankevanen, og di høgare og meir vedvarande blir krava om inngrep.
Kvar utviding av den regulerande politikken inneber ein tilvekst i dei regulerande organa, ein ytterlegare vekst i embetsveldet og ei aukande makt for den organisasjonen som embetsmennene dannar. Ta ei skålvekt med mange hagl i den eine skåla og få i den andre. Lyft hagl etter hagl ut av den tunge skåla og legg det i den lette. Snart vil du få likevekt, og held du fram, vil stillinga til skålene bli snudd om. Gå ut frå at vektstonga er ulikt delt, og lat den lett lasta skåla hengje ytst på ein svært lang arm; då vil overføringa av kvart hagl gje ein langt større verknad og langt raskare føre til eit stillingsskifte. Eg bruker biletet for å gjere anskodeleg kva som følgjer av å overføre det eine individet etter det andre frå den regulerte massen i samfunnet til dei regulerande strukturane. Overføringa svekkjer den eine og styrkjer den andre i langt større grad enn den relative endringa i tal tilseier. Eit forholdsvis lite korps av embetsmenn, samanhengande, med felles interesser og handlande under ei sentral styresmakt, har eit umåteleg overtak over ein usamanhengande ålmente som ikkje har nokon fast politikk, og som berre kan bringast til å handle samla under sterk provokasjon. Difor blir ein organisasjon av embetsmenn, når han først har passert eit visst vekststeg, stadig vanskelegare å stå imot; slik vi ser i byråkratia på kontinentet.
Ikkje berre minkar motstandskrafta i den regulerte delen i geometrisk forhold etter kvart som den regulerande delen veks, men dei private interessene til mange i den regulerte delen sjølv gjer endringa i forholdet endå raskare. I alle krinsar viser samtalane at no, når beståtte konkurranseeksamenar gjer dei skikka til offentleg teneste, blir unge menn utdanna på slike måtar at dei kan bestå dei og få tilsetjing under regjeringa. Ei følgje er at menn som elles kunne ha fordømt ein ytterlegare vekst i embetsveldet, blir leidde til å sjå på han med overbering, om ikkje med velvilje, som noko som byr på moglege karrierar for dei som dei forsørgjer og dei som dei er i slekt med. Kvar den som hugsar kor mange familiar frå overklassen og mellomklassen som er ivrige etter å få plassert borna sine, vil sjå at ikkje lita oppmuntring til spreiinga av lovgjevande kontroll no kjem frå dei som, var det ikkje for dei personlege interessene som slik oppstår, ville vore fiendslege til henne.
Dette påtrengjande ønsket om karrierar blir forsterka av forkjærleiken for karrierar som blir rekna som respektable. «Sjølv om løna hans er lita, vil yrket hans vere yrket til ein gentleman,» tenkjer faren som vil skaffe son sin ein kontorpost i statstenesta. Og denne relative verdigheita hos tenarane til staten, samanlikna med dei som er sysselsette i forretningslivet, aukar etter kvart som den administrative organisasjonen blir eit større og mektigare element i samfunnet, og tenderer meir og meir til å fastsetje målestokken for ære. Den rådande ærgjerrigheita hos ein ung franskmann er å få ein eller annan liten embetspost på heimstaden, å stige derifrå til ein plass i det lokale regjeringssenteret, og endeleg å nå fram til eit eller anna hovudkontor i Paris. Og i Russland, der den altomfattande statsreguleringa som kjenneteiknar den militante samfunnstypen er driven lengst, ser vi denne ærgjerrigheita driven til det ytste. Herr Wallace seier, idet han siterer ein stad frå eit skodespel: «Alle menn, sjølv kjøpmenn og skomakarar, siktar mot å bli embetsmenn, og den mannen som har levd heile sitt liv utan embetsrang, synest ikkje å vere eit menneske.»6
Desse ulike påverknadene, som verkar ovanfrå og ned, blir møtte av ein aukande gjenklang av forventningar og oppmodingar som går nedanfrå og opp. Dei hardt arbeidande og overlessa som utgjer det store fleirtalet, og endå meir dei udugelege som stadig blir hjelpte, og som stadig blir leidde til å vente seg meir hjelp, er villige tilhengjarar av planar som lovar dei det eine eller det andre godet ved hjelp av staten, og villige til å tru dei som fortel dei at slike gode kan gjevast og bør gjevast. Dei lyttar med ivrig tru til alle byggjarar av politiske luftslott, frå Oxford-kandidatar ned til irske uforsonlege, og kvar ny skattefinansiert innretning for velferda deira vekkjer von om fleire. Ja, di talrikare dei offentlege reiskapane blir, di meir blir det avla hos borgarane den førestillinga at alt skal gjerast for dei, og ingenting av dei. Kvar generasjon blir mindre fortruleg med å nå ønskte mål ved individuelle handlingar eller private samanslutningar, og meir fortruleg med å nå dei ved statlege organ; inntil statlege organ til slutt kjem til å bli oppfatta som dei einaste tilgjengelege organa. Dette resultatet vart tydeleg vist på den nylege fagforeiningskongressen i Paris. Dei engelske delegatane, som rapporterte til oppdragsgjevarane sine, sa at mellom dei sjølve og dei utanlandske kollegaene deira «låg skilnaden i kor langt staten skulle bedast om å verne arbeidet»: det vart dermed vist til det faktum, iaugefallande i referata frå forhandlingane, at dei franske delegatane alltid påkalla statsmakta som det einaste middelet til å tilfredsstille ønska sine.
Utbreiinga av utdanning har verka, og vil verke endå meir, i same retning. «Vi må utdanne herrane våre» er det velkjende ordet frå ein liberal som sette seg imot den siste utvidinga av røysteretten. Ja, om utdanninga fortente namnet, og var relevant for den politiske opplysninga som trengst, kunne ein vone mykje av henne. Men å kjenne reglane i syntaksen, å kunne leggje saman rett, å ha geografiske kunnskapar og eit minne fylt med årstala for tronstigingane til kongar og sigrane til generalar, inneber ikkje meir skikkaheit til å trekkje politiske slutningar enn tileigna dugleik i teikning inneber dugleik i telegrafering, eller enn evna til å spele cricket inneber dugleik på fiolin. «Men», vender nokon imot, «lesekunne opnar då vegen til politisk kunnskap.» Utan tvil; men vil vegen bli følgd? Bordsamtalar viser at ni av ti menneske les det som morar eller interesserer dei, heller enn det som opplyser dei, og at det siste dei les, er noko som fortel dei ubehagelege sanningar eller driv bort grunnlause voner. At folkeopplysninga fører til omfattande lesing av skrifter som nærer behagelege illusjonar, heller enn av dei som held fast ved harde realitetar, er heva over tvil. «Ein mekanikar» skriv i «Pall Mall Gazette» for 3. desember 1883:
Betre utdanning innpodar ønsket om danning; danning innpodar ønsket om mange ting som enno ligg heilt utanfor rekkjevidda til arbeidsfolk; … i den rasande konkurransen vår tid er hengjeven til, er dei fullstendig uoppnåelege for dei fattigare klassane; difor er dei misnøgde med tinga som dei er, og di meir utdanna, di meir misnøgde. Difor blir òg herr Ruskin og herr Morris rekna som sanne profetar av mange av oss.
Og at den samanhengen mellom årsak og verknad som her blir påstått, er verkeleg, kan vi sjå tydeleg nok av den noverande tilstanden i Tyskland.
Ettersom massen av dei som slik blir leidde til å nære lyse forventningar om gode som skal oppnåast ved samfunnsmessig omorganisering, no har røysterett, følgjer det at den som søkjer røystene deira, i det minste må avstå frå å avsløre dei feilaktige oppfatningane deira, sjølv om han ikkje gjev etter for freistinga til å erklære seg samd i dei. Kvar kandidat til parlamentet blir tilskunda til å føreslå eller støtte eit eller anna nytt stykke ad captandum-lovgjeving. Ja, sjølv leiarane i partia, dei eine ivrige etter å halde på regjeringsmakta og dei andre etter å vriste henne frå dei, siktar kvar for seg mot å vinne tilhengjarar ved å overby kvarandre. Kvar søkjer å ta eit stikk ved å trumfe det gode kortet til motstandaren, slik vi nyleg har sett. Og dessutan, som avrøystingane i parlamentet viser oss, går den tradisjonelle lojaliteten mot leiarane framfor spørsmål om den indre rettkomen til dei føreslåtte tiltaka. Representantane er samvitslause nok til å røyste for lovframlegg som dei reknar som vesentleg gale i prinsippet, fordi behova til partiet og omsynet til neste val krev det. Og slik blir ein forderveleg politikk styrkt sjølv av dei som ser fordervinga i han.
Imens går det føre seg utanfor parlamentet ein aktiv propaganda som alle desse påverknadene står i teneste for. Kommunistiske teoriar, delvis godkjende av den eine parlamentslova etter den andre, og stillteiande om ikkje ope favoriserte av talrike offentlege menn på jakt etter tilhengjarar, blir forfekta meir og meir høgrøysta i den eine eller andre forma av folkelege leiarar, og drivne fram av organiserte foreiningar. Der er rørsla for nasjonalisering av jorda, som siktar mot eit system for jordeige som er rettferdig i det abstrakte, men som, slik all verda veit, blir driven fram av herr George og venene hans med erklært ringeakt for dei rettkomne krava til dei noverande eigarane, og som grunnlag for ein plan som går meir enn halvvegs til statskommunisme. Og så er det den gjennomgripande Democratic Federation under herr Hyndman og tilhengjarane hans. Vi får høyre av dei at «den handfullen av røvarar som no sit med eiga [av jorda], har og kan ikkje ha nokon annan rett enn den rå makta overfor dei titals millionar som dei gjer urett». Dei ropar opp mot «aksjonærane som har fått lov til å leggje hand på (!) dei store jernbanesambanda våre». Dei fordømmer «framfor alt den aktive kapitalistklassen, lånehaiane, bøndene, gruveutbytarane, entreprenørane, mellommennene, fabrikkherrane – desse, dei moderne slavedrivarane», «som pressar» «meir og atter meir meirverdi ut av dei lønsslavane dei sysselset». Og dei meiner det er «på høg tid» at handelen blir «teken ut av kontrollen til den individuelle grådigskapen og den individuelle profitten».7
Det står att å peike på at dei tendensane som slik viser seg på ulike måtar, blir styrkte av talsmannskapen til pressa, som blir tydelegare for kvar dag. Journalistane, som alltid er varsame med å seie det som er usmakeleg for lesarane deira, går, somme av dei, med straumen og aukar krafta i han. Lovgjevingsmessige innblandingar som dei ein gong ville ha fordømt, går dei no forbi i stille, om dei ikkje tek til orde for dei; og dei omtalar laisser-faire som ei avliva lære. «Folk blir ikkje lenger skremde av tanken på sosialisme,» er den utsegna som møter oss den eine dagen. Ein annan dag blir ein by som ikkje tek i bruk lova om frie bibliotek (Free Libraries Act), håna for å vere skremd av eit så måtehaldent kommunistisk tiltak. Og så, saman med redaksjonelle påstandar om at denne økonomiske utviklinga kjem og må godtakast, blir det gjeve framståande plass til bidraga frå talsmennene hennar. Imens blir dei som reknar den seinare gangen i lovgjevinga som katastrofal, og ser at den framtidige gangen hennar truleg vil bli endå meir katastrofal, bringa til togn av trua på at det er nyttelaust å resonnere med folk i ein tilstand av politisk rus.
Sjå då dei mange samverkande årsakene som trugar med stadig å framskunde den omskapinga som no går føre seg. Der er den spreiinga av regulering som kjem av at ein følgjer presedensar, og dei blir di meir autoritative di lenger politikken blir driven. Der er det aukande behovet for administrativ tvang og administrative innskrenkingar som følgjer av dei uføresette vonda og manglane ved føregåande tvang og innskrenkingar. Dessutan styrkjer kvart nytt statsinngrep den stillteiande føresetnaden om at det er plikta til staten å ta hand om alle vonde og sikre alle gode. Aukande makt for ein veksande administrativ organisasjon blir følgd av minkande evne hos resten av samfunnet til å stå imot den vidare veksten og kontrollen hans. Mangfaldiggjeringa av karrierar som eit veksande byråkrati opnar, freistar medlemmer av dei klassane det regulerer, til å favorisere utvidinga av det, sidan ho aukar sjansane for trygge og respektable postar for slektningane deira. Folket i sin alminnelegheit, som blir leidd til å sjå på gode mottekne gjennom offentlege organ som gratis gode, får stadig vonene sine vekte av utsiktene til fleire. Ei utdanning i utbreiing, som fremjar spreiinga av behagelege villfaringar heller enn av strenge sanningar, gjer slike voner både sterkare og meir allmenne. Verre endå: slike voner blir pleidde av kandidatar til offentlege val for å auke sjansane deira til å lukkast; og leiande statsmenn byr, i jakta på partimål, på folkegunst ved å gje dei si støtte. Politiske svermarar og ukloke filantropar, som får gjentekne rettferdiggjeringar frå nye lover i samklang med læresetningane deira, driv agitasjonane sine med veksande sjølvtillit og framgang. Journalistikken, alltid lydhøyr for folkemeininga, styrkjer henne dagleg ved å gje henne røyst; medan motmeininga, meir og meir motlaus, finn lite uttrykk.
Slik verkar påverknader av ulike slag saman for å auke den kollektive handlinga og minske den individuelle handlinga. Og endringa blir hjelpt fram på alle kantar av planmakarar, som kvar især berre tenkjer på sitt eige yndlingsprosjekt, og slett ikkje på den allmenne omorganiseringa som prosjektet hans, saman med andre slike, er i ferd med å verkeleggjere. Det blir sagt at den franske revolusjonen fortærte sine eigne born. Her synest ei tilsvarande katastrofe ikkje usannsynleg. Dei talrike sosialistiske endringane som er gjorde ved parlamentslov, saman med dei talrike andre som snart skal gjerast, vil etter kvart alle gå opp i statssosialismen – slukte av den veldige bølgja som dei litt etter litt har reist.
«Men kvifor blir denne endringa skildra som ‘det komande slaveriet’?» er eit spørsmål mange framleis vil stille. Svaret er enkelt. All sosialisme inneber slaveri.
Kva er vesentleg for førestillinga om ein slave? Vi tenkjer først og fremst på han som ein som blir eigd av ein annan. For å vere meir enn nominelt må eigarskapen likevel vise seg i kontroll over handlingane til slaven – ein kontroll som vanemessig er til fordel for den som kontrollerer. Det som grunnleggjande kjenneteiknar slaven, er at han arbeider under tvang for å tilfredsstille ønska til ein annan. Forholdet tillèt atskillege gradsskilnader. Når vi hugsar at slaven opphavleg er ein fange som har livet sitt prisgjeve den som har teke han, er det her nok å merke seg at det finst ei hard form for slaveri der han, behandla som eit dyr, må bruke heile innsatsen sin til fordel for eigaren. Under eit mindre hardt system får han, endå han hovudsakleg er oppteken med å arbeide for eigaren, ei kort tid til å arbeide for seg sjølv, og eit stykke jord til å dyrke ekstra mat på. Ei ytterlegare betring gjev han høve til å selje avlinga frå jordstykket sitt og behalde utbyttet. Så kjem vi til den endå mildare forma som vanlegvis oppstår der han, etter å ha vore ein fri mann som arbeidde på si eiga jord, ved erobring blir gjord til det vi skil ut som ein liveigen; og han må kvart år gje eigaren ei fast mengd arbeid eller avling, eller begge delar, og held resten sjølv. Endeleg får han i somme tilfelle, som i Russland inntil nyleg, lov til å forlate godset til eigaren og arbeide eller drive handel for seg sjølv ein annan stad, på det vilkåret at han skal betale ein årleg sum. Kva er det som i desse tilfella får oss til å nemne slaveriet som meir eller mindre strengt? Openbert i kor stor eller liten grad innsatsen under tvang blir brukt til fordel for ein annan i staden for til eigen fordel. Om alt arbeidet til slaven er for eigaren, er slaveriet tungt, og om berre lite av det er det, er det lett. Ta no eit steg vidare. Gå ut frå at ein eigar døyr, og at godset hans med slavane kjem i hendene på forvaltarar, eller gå ut frå at godset og alt på det blir kjøpt av eit selskap; er stillinga til slaven noko betre om mengda av det tvungne arbeidet hans blir den same? Gå ut frå at vi set samfunnet i staden for eit selskap; gjer det nokon skilnad for slaven om den tida han må arbeide for andre, er like lang, og den tida som er att til han sjølv, like kort som før? Det vesentlege spørsmålet er: Kor mykje blir han tvinga til å arbeide til fordel for andre enn seg sjølv, og kor mykje kan han arbeide til sin eigen fordel? Graden av slaveriet hans varierer etter forholdet mellom det han blir tvinga til å gje frå seg og det han får behalde; og det spelar inga rolle om herren hans er ein einskild person eller eit samfunn. Om han utan val må arbeide for samfunnet, og frå det felles forrådet tek imot den delen som samfunnet tilkjenner han, blir han ein slave for samfunnet. Sosialistiske ordningar gjer naudsynt ei slavebinding av dette slaget; og mot ei slik slavebinding fører mange nyare tiltak oss, og endå meir dei tiltaka som blir forfekta. Lat oss sjå først på dei næraste verknadene deira, og så på dei endelege verknadene deira.
Den politikken som vart innleidd med lovene om arbeidarbustader (Industrial Dwellings Acts), lèt seg utvikle, og han vil bli utvikla. «Der kommunale organ gjev seg til å byggje hus, senkar dei uunngåeleg verdien av hus som er bygde på annan måte, og hemmar tilførselen av fleire.» Kvart påbod om byggjemåtar og om bekvemmelegheiter som skal skaffast, minkar fortenesta til byggherren og driv han til å bruke kapitalen sin der fortenesta ikkje blir minka på denne måten. Like eins blir eigaren, som alt erfarer at små hus fører med seg mykje arbeid og mange tap – som alt er utsett for bryet med inspeksjon og innblanding og for kostnadene som følgjer av det, og som dagleg ser eigedomen sin gjord til ei mindre ønskjeleg investering – driven til å selje; og ettersom kjøparar av same grunnar blir skremde bort, må han selje med tap. Og no må desse stadig fleire forskriftene, som kanskje endar, slik lord Grey føreslår, i ei som krev at eigaren held oppe sunnheita i husa sine ved å kaste ut skitne leigebuarar, og som slik føyer vervet som sanitærinspektør til dei andre pliktene hans, ytterlegare drive fram sal og ytterlegare skremme bort kjøparar – og dermed gjere eit større verdifall naudsynt. Kva må skje? Når oppføringa av hus, og særleg små hus, blir hemma i stadig større grad, må det kome eit stadig sterkare krav til den lokale styresmakta om å bøte på den mangelfulle tilførselen. Meir og meir vil det kommunale eller nærskylde organet måtte byggje hus, eller kjøpe hus som på den måten som er vist, er blitt uselgjelege til privatpersonar; hus som, så sterkt verdiforringa som dei nødvendigvis må bli, det i mange tilfelle vil løne seg å kjøpe framfor å byggje nye. Og så, når denne prosessen i byane er komen så langt at den lokale styresmakta er blitt den største huseigaren, vil det liggje føre ein god presedens for offentleg å skaffe bustader til landbefolkninga, slik det blir føreslått i det radikale programmet,8 og slik Den demokratiske føderasjonen krev, når han insisterer på «tvungen oppføring av sunne bustader for handverkarar og landarbeidarar i høve til folketalet». Openbert går tendensen i det som er gjort, det som blir gjort, og det som snart skal gjerast, i retning av det sosialistiske idealet der fellesskapet er einaste huseigar.
Slik må òg verknaden bli av den dagleg veksande politikken på eigedomsretten til og utnyttinga av jorda. Fleire offentlege gode, som skal oppnåast ved fleire offentlege organ, på kostnad av auka offentlege byrder, må i stadig større grad trekkje frå avkastinga på jord; inntil motstanden mot endra eigedomsform blir mindre og mindre etter kvart som verdifallet blir større og større. Alt er det, som alle veit, mange stader vanskeleg å skaffe forpaktarar, sjølv til sterkt nedsett leige; og jord av dårlegare fruktbarheit ligg i nokre tilfelle brakk, eller blir driven, når eigaren driv henne sjølv, ofte med tap. Fortenestemarginen på kapital investert i jord er tydelegvis ikkje slik at skattane, lokale og allmenne, kan hevast sterkt for å halde oppe utvida offentlege forvaltningar, utan at så mykje av han blir slusa bort at eigarane blir drivne til å selje og gjere det beste ut av den reduserte prisen dei kan få, ved å utvandre og kjøpe jord som ikkje er underlagd tunge byrder, slik nokre faktisk gjer no. Denne prosessen må, driven langt, føre til at dårlegare jord blir teken ut av drift; deretter vil det meir allment bli reist det kravet som herr Arch sette fram då han nyleg tala til Den radikale foreininga i Brighton og hevda at dei noverande jordeigarane ikkje gjer jorda si tilstrekkeleg produktiv til allmenn nytte, og sa at «han skulle ønskje den noverande regjeringa vedtok ei lov om tvungen dyrking»: eit bifalt forslag som han grunngav ved å vise til tvungen vaksinasjon (og slik illustrerte innverknaden frå presedensen). Og dette kravet vil bli drive fram, ikkje berre av behovet for å gjere jorda produktiv, men òg av behovet for å sysselsetje landbefolkninga. Etter at regjeringa har utvida praksisen med å leige arbeidslause til å arbeide på forlaten jord, eller jord erverva til symbolske prisar, vil ein nå eit stadium der det berre er eit lite steg vidare til den ordninga som i programmet til Den demokratiske føderasjonen skal følgje etter nasjonaliseringa av jorda – «organiseringa av landbruks- og industrihærar under statleg kontroll etter kooperative prinsipp».
Dersom nokon tvilar på at ei slik omvelting kan nåast på denne måten, kan det førast fram kjensgjerningar som viser kor sannsynleg ho er. I Gallia, under forfallet til Romarriket, «var mottakarane så talrike i høve til ytarane, og skattetrykket så enormt, at arbeidaren braut saman, slettene vart til ørkenar, og skog voks der plogen hadde gått».9 På same måte var dei offentlege byrdene, då den franske revolusjonen nærma seg, blitt slike at mange gardar heldt fram med å liggje udyrka og mange vart forlatne: ein fjerdedel av jorda låg heilt aude; og i nokre provinsar låg halvparten som lynghei.10 Heller ikkje her heime har vi mangla hendingar av nærskyld art. Forutan dei kjensgjerningane at fattigskatten under den gamle fattiglova i nokre sokn hadde stige til halvparten av leigeinntekta, og at gardar fleire stader låg udyrka, har vi den kjensgjerninga at skatten i eitt tilfelle hadde sluka heile avkastinga av jorda.
I Cholesbury i Buckinghamshire tok fattigskatten slutt i 1832 «brått som følgje av at det var umogleg å halde fram med innkrevjinga, ettersom godseigarane hadde gjeve opp leigeinntektene sine, bøndene forpaktingane sine, og presten prestegardsjorda si og tienda si. Presten, herr Jeston, opplyser at tenestemennene i soknet i oktober 1832 la frå seg bøkene, og at dei fattige samla seg i flokk framfor døra hans medan han låg til sengs, og bad om råd og mat. Dels av hans eigne små midlar, dels av velgjerda til naboane, og dels ved hjelpeskattar pålagde nabosokna, vart dei underhaldne ei tid.»11
Kommissærane legg til at «den velvillige soknepresten rår til at heile jorda blir delt mellom dei arbeidsføre fattiglemene», i von om at dei, etter hjelp gjeven i to år, skulle kunne forsørgje seg sjølve. Desse kjensgjerningane, som gjev truverd til spådomen som vart sett fram i parlamentet om at ei vidareføring av den gamle fattiglova i tretti år til ville ta jorda ut av drift, prova klart at auka offentlege byrder kan ende i tvungen dyrking under offentleg kontroll.
Dinest kjem statleg eigarskap av jernbanane. Alt finst dette i stor utstrekning på kontinentet. Alt har vi her heime, for nokre få år sidan, hatt høglydt agitasjon for det. Og no blir ropet som vart reist av diverse politikarar og publisistar, teke opp på nytt av Den demokratiske føderasjonen, som føreslår «statleg overtaking av jernbanane, med eller utan erstatning». Tydelegvis vil press ovanfrå, sameint med press nedanfrå, sannsynlegvis gjennomføre denne endringa, som blir diktert av den politikken som breier seg overalt; og med henne må det kome mange følgjande endringar. For jernbaneeigarane, som til å byrje med berre eigde og dreiv jernbanar, har fått lov til å bli herrar over talrike verksemder som direkte eller indirekte heng saman med jernbanane; og desse vil regjeringa måtte kjøpe når jernbanane blir kjøpte. Staten, som alt er einebefordrar av brev, eineformidlar av telegram, og på veg til å bli einebefordrar av pakkar, vil ikkje berre bli einebefordrar av passasjerar, gods og mineral, men vil føye mange andre næringar til dei noverande ulike næringane sine. Alt no gjer han, forutan å reise marine- og militæranlegga sine og byggje hamner, dokker, moloar osv., arbeidet som skipsbyggjar, kanonstøypar, handvåpenfabrikant, ammunisjonsprodusent osv. osv.; og når jernbanane er overtekne «med eller utan erstatning», som folka i Den demokratiske føderasjonen seier, vil han måtte bli lokomotivbyggjar, vognmakar, presennings- og smørjefeittfabrikant, eigar av passasjerskip, kolgruvedrivar, steinbrotseigar, omnibuseigar osv. I mellomtida vil dei lokale underordna hans, dei kommunale styra, som alt mange stader er vassleverandørar, gassprodusentar, eigarar og drivarar av sporvegar, innehavarar av badeanstaltar, utvilsamt ha teke på seg ulike andre verksemder. Og når staten, direkte eller ved stadfortredar, slik er komen i besittelse av, eller har oppretta, talrike føretak for produksjon i stort og for distribusjon i stort, vil det liggje føre gode presedensar for å utvide funksjonen hans til detaljhandel: etter eit slikt døme som til dømes den franske regjeringa gjev, som lenge har vore tobakkshandlar i detalj.
Tydelegvis fører altså dei endringane som er gjorde, dei endringane som går føre seg, og dei endringane som blir kravde, oss ikkje berre mot statleg eigarskap av jord og bustader og kommunikasjonsmiddel, alt saman forvalta og drive av agentane til staten, men mot statleg tilraning av alle næringar; dei private formene for dei, stadig meir ufordelaktig stilte i konkurransen med staten, som kan innrette alt etter sin eigen bekvemmelegheit, vil meir og meir døy bort, akkurat som mange frivillige skular har gjort stilte overfor skulane til skulestyret. Og slik vil det ønskte idealet til sosialisten bli verkeleggjort.
Og no, når ein har nådd dette ønskte idealet, som «praktiske» politikarar hjelper sosialistane å nå, og som er så freistande på den lyse sida som sosialistane ser på, kva må då den medfølgjande skuggesida vere, som dei ikkje ser på? Det er ein vanleg merknad, ofte gjord når eit ekteskap står for døra, at dei som er gripne av sterke forhåpningar, vanemessig dvelar ved dei lova gledene og ikkje tenkjer på dei medfølgjande smertene. Eit ytterlegare døme på denne sanninga gjev desse politiske entusiastane og fanatiske revolusjonistane. Gripne av den elendigheita som finst under dei noverande samfunnsordningane våre, og utan å sjå på denne elendigheita som forårsaka av den dårlege verkemåten til ein menneskenatur som berre delvis er tilpassa samfunnstilstanden, innbiller dei seg at ho straks kan kurerast ved denne eller hin omordninga. Men sjølv om planane deira skulle lukkast, kunne det berre skje ved å byte eitt slag vondt ut med eit anna. Litt overvegd ettertanke ville vise at under dei ordningane dei føreslår, måtte fridomane deira gjevast opp i same høve som det vart sytt for den materielle velferda deira.
For inga form for samvirke, lita eller stor, kan drivast utan regulering og ei underforstått underkasting under dei regulerande organa. Sjølv ein av deira eigne organisasjonar for å gjennomføre samfunnsendringar gjev dei prov. Han er nøydd til å ha råda sine, dei lokale og sentrale tillitsmennene sine, dei myndige leiarane sine, som må lydast, elles ventar forvirring og nederlag. Og erfaringa til dei som er høgast i talen sin for ein ny samfunnsorden under den faderlege kontrollen til ei regjering, viser at sjølv i private, frivillig danna foreiningar blir makta til den regulerande organisasjonen stor, om ikkje uimotståeleg; ja, ofte vekkjer ho knurring og uro mellom dei som blir kontrollerte. Fagforeiningar som fører ein slags industriell krig til forsvar for interessene til arbeidarane mot interessene til arbeidsgjevarane, finn at ei underordning som nesten er militær i strengleiken sin, er nødvendig for å sikre effektiv handling; for splitta råd viser seg lagnadstunge for suksessen. Og sjølv i kooperative samanslutningar, danna for å drive produksjons- eller distribusjonsverksemd, og som ikkje treng den lydnaden mot leiarar som blir kravd der måla er offensive eller defensive, finn ein likevel at det administrative organet får så stor makt at det oppstår klager over «tyranniet til organisasjonen». Døm så kva som må skje når vi, i staden for samanslutningar som er små, lokale og frivillige, og som menn kan høyre til eller ikkje som dei vil, får ei nasjonal samanslutning som kvar borgar finn seg innlemma i, og som han ikkje kan lausrive seg frå utan å forlate landet! Døm kva makta til eit gradert og sentralisert embetsvelde må bli under slike tilhøve, når det held ressursane til fellesskapet i hendene sine og har bak seg den mengda makt det finn påkravd for å gjennomføre påboda sine og halde oppe det det kallar orden! Det er ikkje så rart at ein fyrst Bismarck viser tilbøyelegheiter til statssosialisme.
Og så, etter å ha erkjent, slik dei må dersom dei tenkjer planen sin igjennom, den makta det regulerande organet har i det nye samfunnssystemet som blir skildra så freistande, lat talsmennene for det spørje seg sjølve til kva føremål denne makta må brukast. I staden for å dvele utelukkande, slik dei plar, ved den materielle velferda og dei åndelege gledene som ei velgjerande forvaltning skal skaffe dei, lat dei dvele litt ved prisen som må betalast. Embetsmennene kan ikkje skape dei nødvendige forsyningane; dei kan berre fordele mellom individa det som individa i fellesskap har produsert. Dersom det offentlege organet blir pålagt å syte for dei, må det til gjengjeld påleggje dei å skaffe midla. Det kan ikkje, som under det noverande systemet vårt, vere avtale mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar – det utelukkar planen. I staden må det vere kommando frå lokale styresmakter over arbeidarane, og arbeidarane si godtaking av det styresmaktene tildeler dei. Og dette er faktisk den ordninga som medlemene av Den demokratiske føderasjonen tydeleg, men som det synest uforvarande, peikar mot. For dei føreslår at produksjonen skal drivast av «landbruks- og industrihærar under statleg kontroll»; tilsynelatande utan å hugse at hærar føreset gradar av offiserar, som ville måtte krevje lydnad, sidan verken orden eller effektivt arbeid elles kunne sikrast. Slik at kvar einskild ville stå i høve til det styrande organet som slave til herre.
«Men det styrande organet ville vere ein herre som han og andre hadde skapt og stadig heldt i tøyme, og ein som difor ikkje ville kontrollere han eller andre meir enn det som var nødvendig til beste for kvar og alle.»
Til dette svaret er den første innvendinga at sjølv om så var, ville kvart medlem av fellesskapet som individ vere slave for fellesskapet som heilskap. Eit slikt tilhøve har vanlegvis eksistert i militante samfunn, sjølv under kvasi-folkelege styreformer. I det gamle Hellas var det godtekne prinsippet at borgaren verken høyrde til seg sjølv eller familien sin, men høyrde til byen sin – og byen var for grekaren det same som fellesskapet. Og denne læra, som høyrer heime i ein tilstand av stadig krig, er ei lære som sosialismen utan å vite det innfører på nytt i ein tilstand som er meint å vere reint industriell. Tenestene til kvar einskild vil høyre til summen av alle; og for desse tenestene vil det bli gjeve slikt vederlag som styresmaktene finn passande. Slik at sjølv om forvaltninga er av det velgjerande slaget ein har til føremål å sikre, må slaveri, kor mildt det enn er, bli resultatet av ordninga.
Ei anna innvending er at forvaltninga snart vil bli av eit anna slag enn det tilsikta, og at slaveriet ikkje vil bli mildt. Den sosialistiske spekulasjonen er skjemd av ein føresetnad lik den som skjemmer spekulasjonane til den «praktiske» politikaren. Det blir gått ut frå at embetsveldet vil verke slik det er meint å verke, noko det aldri gjer. Maskineriet til kommunismen må, liksom det eksisterande samfunnsmaskineriet, byggjast av den eksisterande menneskenaturen; og manglane ved den eksisterande menneskenaturen vil frambringe dei same vonda i det eine som i det andre. Maktbegjæret, egoismen, urettferda, usannferda, som ofte på forholdsvis kort tid fører private organisasjonar i ulukke, vil uunngåeleg, der verknadene av dei hopar seg opp frå generasjon til generasjon, valde langt større og mindre reparerbare vonde; sidan den administrative organisasjonen, veldig og innfløkt og i besittelse av alle ressursane, når han først er utvikla og festa, må bli uimotståeleg. Og dersom det trengst prov for at den periodiske utøvinga av valmakta ikkje ville hindre dette, er det nok å vise til den franske regjeringa, som, reint folkeleg i opphav og frå tid til anna underlagd dommen til folket, likevel trampar på fridomen til borgarane i ein grad som dei engelske delegatane til den nylege fagforeiningskongressen seier «er ei skam for, og ein anomali i, ein republikansk nasjon».
Sluttresultatet ville bli ei gjenoppliving av despotiet. Ein disiplinert hær av sivile embetsmenn gjev, liksom ein hær av militære befalingsmenn, øvste makt til overhovudet sitt – ei makt som ofte har ført til tilraning, som i Europa i mellomalderen og endå meir i Japan – ja, som har ført til det hos naboane våre i vår eiga tid. Dei nylege vedkjenningane frå monsieur de Maupas har vist kor lett eit konstitusjonelt overhovud, vald og betrudd av heile folket, med hjelp av nokre få skruppellause medsamansvorne kan lamme den representative forsamlinga og gjere seg sjølv til einehersker. At dei som steig til makta i ein sosialistisk organisasjon, ikkje ville nøle med å gjennomføre måla sine for kvar ein pris, har vi god grunn til å slutte. Når vi finn at aksjonærar, som, stundom med gevinst, men ofte med tap, har skapt det jernbanesystemet som den nasjonale velstanden er blitt så sterkt auka ved, av rådet i Den demokratiske føderasjonen blir omtala som å ha «lagt hand på» kommunikasjonsmidla, kan vi slutte at dei som leidde ei sosialistisk forvaltning, kunne tolke krava frå individ og klassar under kontrollen deira med ytste forvrenging. Og når vi vidare finn medlemer av dette same rådet krevje at staten skal ta jernbanane i besittelse, «med eller utan erstatning», kan vi ane at leiarane av det ønskte idealsamfunnet berre i liten grad ville la seg halde att av rimelegheitsomsyn frå å føre kva som helst politikk dei fann nødvendig – ein politikk som alltid ville vere ein som var identisk med deira eige overherredøme. Det ville ikkje trengjast meir enn ein krig med eit nabosamfunn, eller ei eller anna indre misnøye som kravde undertrykking med makt, for straks å forvandle ei sosialistisk forvaltning til eit knugande tyranni som det i det gamle Peru; der folkemassen, kontrollert av gradar av embetsmenn og med liv som vart inspiserte utandørs og innandørs, arbeidde for å halde oppe den organisasjonen som regulerte dei, og sat att med berre det nakne livsopphaldet for seg sjølve. Og då ville det, i ei anna form, bli fullstendig gjenoppliva, dette regimet av status – dette systemet av tvunge samvirke, som den gamle toryismen representerer den bortdøyande tradisjonen av, og som den nye toryismen fører oss tilbake mot.
«Men vi skal vere på vakt mot alt det – vi skal ta førehandsreglar for å avverje slike ulukker», vil entusiastane utvilsamt seie. Anten dei er «praktiske» politikarar med dei nye regulerande tiltaka sine, eller kommunistar med planane sine for å omorganisere arbeidet, er svaret alltid det same: «Det er sant at planar av nærskyld art, av uføresette årsaker og ugunstige tilfelle, eller på grunn av misgjerningane til dei involverte, har slege feil; men denne gongen skal vi dra nytte av tidlegare erfaringar og lukkast.» Det synest umogleg å få folk til å godta den sanninga, som likevel er iaugefallande nok, at velferda til eit samfunn og rettferda i ordningane til det i botn og grunn er avhengig av karakteren til medlemene; og at betring i nokon av delane ikkje kan finne stad utan den betringa i karakter som følgjer av å drive fredeleg verksemd under dei banda som eit ordna samfunnsliv legg på. Trua, ikkje berre hos sosialistane, men òg hos dei såkalla liberale som flittig bur vegen for dei, er at ei menneskeslekt som verkar dårleg, med tilbørleg dugleik kan formast til institusjonar som verkar godt. Det er ei villfaring. Dei mangelfulle naturane til borgarane vil vise seg i den dårlege verkemåten til kva som helst samfunnsstruktur dei blir ordna inn i. Det finst ingen politisk alkymi som kan gje gyllen åtferd av instinkt av bly.
Hansards «Parliamentary History», xxxii, s. 710. ↩︎
«Fortnightly Review», januar 1884, s. 17. ↩︎
«Factories and Workshops Act», 41 og 42 Victoria, kap. 16. ↩︎
Sjå brev frå Local Government Board, «Times», 2. januar 1884. ↩︎
«Fortnightly Review», januar 1884, s. 21. ↩︎
«Russia», i, 422. ↩︎
«Socialism made Plain», Reeves, 185 Fleet Street. ↩︎
«Fortnightly Review», november 1883, s. 619, 620. ↩︎
Lactant., «De M. Persecut.», kap. 7, 23. ↩︎
Taine, «La Revolution», s. 337, 338. ↩︎
«Report of Commissioners for Inquiry into the Administration and Practical Operation of the Poor-Laws», s. 37, 20. februar 1834. ↩︎